RÅDMANN: Arve Varden er rådmann i Høyanger. No ventar nye arbeidsoppgåver i Helse Førde. (Arkivfoto)

Arve Varden har takka ja til toppstilling i Helse Førde

Arve Varden, rådmann i Høyanger, er tilsett som administrerande direktør i Helse Førde.

Publisert 27.10.2017 kl. 12.41. Oppdatert kl. 14.16.

- Eg har nett fått melding om at eg har fått jobben, og eg har takka ja, seier Arve Varden til Sogn Avis.


Han opplyser at han tek til i stillinga 1. februar.


- Eg ser fram til å ta til på oppdraget. Det er ei stor og krevjande oppgåve der eg er heilt avhengig av at medarbeidarar og leiarar vil spela på lag, at me saman gjev eit godt fagleg tilbod til pasientane og skaper god drift i Helse Førde. Viktig for å lukkast er og eit godt samspel mellom Helse Førde og kommunane. Det er mykje godt å byggja vidare på i Helse Førde, og eg ønskjer å involvera dei tillitsvalde og vernetenesta på ein god måte i arbeidet som ligg føre oss. Eg er glad for den tilliten eg er vist, og at eg får denne moglegheita til å bidra til utviklinga av Helse Førde og spesialisthelsetenesta i fylket, seier Varden.


- Særs kompetent

Agnes Landstad, styreleiar i Helse førde, er godt nøgd med tilsetjinga.


- Eg er svært tilfreds med at me har fått ein særs kompetent ny administrerande direktør for verksemda. Med sin bakgrunn frå leiarstillingar i Helse Førde og Høyanger kommune, vil Arve Varden bidra til å nå måla me har sett oss for å utvikla Helse Førde vidare, seier styreleiar Agnes Landstad ifølgje ei pressemelding.


Arve Varden har vore rådmann i Høyanger kommune sidan 2011. Tidlegare har han vore direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde (2006-2011), assisterande rådmann i Høyanger (2005-2006) og helse- og sosialsjef i Høyanger (1999-2005). Av utdanning er han diplomøkonom frå Handelshøgskulen BI, og har mellom anna delteke på Nasjonalt Topplederprogram for toppleiarar i helseføretaka (2007).


 


Overtek etter Bolstad

Tilsetjinga av ny administrerande direktør var oppe som ekstrasak i styremøtet i Helse Førde fredag. Styret si behandling av saka var unnteke offentligheit.


Søknadsfristen var opphavelege 20. september, men tilsetjingsutvalet forlenga søknadsfristen til 20. oktober. Då den utvida søknadsfristen gjekk ut, hadde tilsetjingsutvalet sju kandidatar å velja mellom. Tilsetjingsutvalet la fram ei samrøystes innstilling for styret.


Børge Tvedt vart i slutten av mai konstituert som administrerande direktør i Helse Førde etter at Jon Bolstad sa opp stillinga for å gå over i den tilsvarande stillinga i Sjukehusapoteka Vest.


Les meir om: Nyhende Helse Høyanger

Siste saker Gå til framsida