IKKJE TA DEL I: - Denne regjeringa har fått løyve i fire nye år til å gjera Noreg til eit endå kaldare samfunn, men det burde ikkje Arbeidarpartiet ta del i, seier Henrik Thorsnes Lefdal, leiar i AUF i Sogn og Fjordane. (Arkivfoto: Åsa H. Aaberge)

Ap i fylket med støtte til mindreårige asylsøkjarar

Arbeidarpartiet har vedtekte å støtta opp om regjeringa sitt forslag om einslege mindreåringe asylsøkjarar, trass i at både fleire fylkesparti og AUF går hardt ut mot vedtaket.

Publisert 09.11.2017 kl. 13.29.

- Det er ein skam at Arbeidarpartiet verken høyrer på grasrota eller AUF, seier Henrik Thorsnes Lefdal, fylkesleiar i AUF i Sogn og Fjordane.


Oktoberborna

Tysdag kom SV med eit hasteforslag i Stortinget om mellombels stogg i retur av asylsøkjarar til Afghanistan. AUF i Sogn og Fjordane meiner forslaget som SV kjem med er i tråd med den strenge, rettferdige og humane innvandrings- og asylpolitikken Ap har vedteke å føra og at venstresida må stå saman i kampen mot den inhumane politikken som kjem frå høgresida, går det fram av ei pressemelding.


- Denne regjeringa har fått løyve i fire nye år til å gjera Noreg til eit endå kaldare samfunn, men det burde ikkje Arbeidarpartiet ta del i. Det er på tide at Arbeidarpartiet skiftar kurs i denne saka og tek Noreg i ei varmare retning. Det er flaut at Arbeidarpartiet lèt regjeringa setja premissane for korleis me skal behandla ungdom i naud. Heldigvis dreg AUF dei i riktig retning, seier Sandra Edith Tenud, politisk nestleiar i AUF i Sogn og Fjordane.


Under flyktningkrisa i 2015 kom det mange einslege mindreårige asylsøkarar frå Afghanistan til Noreg. Dei fleste av desse kom i haustmånadane. På grunn av mangel på papir og fødselsattest fekk dei oktober som fødselsmånad og derav namnet «oktoberborna». Oktoberborna fekk mellombels opphaldsløyve og skulle i høve til praksis bli returnerte til Afghanistan når dei fylte 18 år. No risikerer difor 130 afghanske gutar å bli returnert.


- Lyttar til ungdomen

Sogn og Fjordane Arbeidarparti stiller seg saman med AUF med eit vedtak som seier at einslege mindreårige asylsøkjarar skal få sakene sine revurderte og individuelt behandla. Fylkespartiet krev at viss ikkje utanriksministeren raskt kan godtgjera at det er trygt å returnera desse asylsøkarane til Afghanistan, må retur stoggast fram til det er sikkert å returnera. I tillegg forventar Sogn og Fjordane Arbeidarparti at stortingsgruppa samarbeider med opposisjonen om å danna eit fleirtal som støttar landsmøtet si klare forventning om å få ned bruken av mellombelse opphaldsløyve til eit absolutt minimum.


- Eg er glad for at Sogn og Fjordane Arbeidarparti har vedteke denne uttalen for å sikra desse ungdommane ei trygg framtid. Det lovar godt at Sogn og Fjordane Arbeidarparti lyttar til ungdommen, eg håpar at partiet nasjonalt også vil lytta til framtida. Det er enno ikkje for seint å snu, seier Lefdal.


Les meir om: Nyhende Politikk

Siste saker Gå til framsida