SMITTE: Jordbærplanter i Sogn og Fjordane er angripe av sjeldan virus. (Illustrasjonsfoto)

Alvorleg plantevirus er funne i jordbær

Ingen av virusa Mattilsynet har avdekka har tidlegare vore påvist i Norge. Smitten blei funne i bærfelt etablert med importerte planter.

Publisert 14.11.2017 kl. 20.51.

Det er funne Strawberry crinkle virus (SCRV) og Strawberry mild yellow edge virus i jordbærplanter i sorten Sonata.


Dette går fram av ei melding frå Mattilsynet.


Virusa blei funne hos éin produsent i Sogn og Fjordane, éin i Aust-Agder og éin i Buskerud. Felta med smitte var anlagt i 2016 og 2017. Mattilsynet vil følgja opp desse produsentane.


Kartlegging

Prøvane blei tekne ut i Mattilsynets overvåkings- og kartleggingsprogram i norsk bær­produksjon av jordbær. Hensikta var å sjå etter plante­skadegjerarar som ikkje­ så langt var funne i Noreg, men som kan koma inn med importerte jordbærplanter. Det blei teke ut stikkprøver frå felt som var etablerte med importerte planter hos eit utval jordbærprodusentar. Alle prøvene blei analyserte hos Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO).


SCrV blei funne hos tre verksemder i til saman tre prøver. I ei av prøvene blei Strawberry mild yellow edge også påvist. Ingen planter viste synlege virussymptom. Alle funn blei gjort i sorten sonata. Liten jordbærbladlus og bakteriebladflekk blei ikkje funne i nokon av prøvene.


Ikkje farlege

Jordbær frå planter med virussmitte kan få litt dårlegare kvalitet, men er ikkje farlege å eta. Smitte har sannsynlegvis komne med importerte planter


Det er grunn til å mis­tenkja at smitten kan ha kome til Noreg­ med infiserte planter frå Nederland, fordi Dei smitta­ felta var alle anlagt med importerte­ planter frå ulike leverandørar i Nederland. Vidare var dei to virusa som blei funne, anten blir spreidde med infiserte jordbærplanter eller med bladlus. Liten jordbærbladlus (Chaetosiphon fragaefolii), som reknast for å vera den viktigaste vektoren for begge påviste virus og truleg den einaste for SCrV, har derimot aldri blitt påvist i bærproduksjon i Noreg og blei heller ikkje funne i dette OK-programmet.


Meir smitte

Mattilsynet meiner det er grunn til å tru at virusa kan vera meir spreidde i Noreg enn det som er avdekta til no. Dette blant anna fordi det er mange jordbærprodusentar som har teke imot planter frå dei aktuelle leverandørane i Nederland, og fordi det berre er gjort stikkprøvebaserte prøve­uttak. Det kan heller ikkje­ utelukkast at smitte kan ha kome inn frå andre leverandørar eller i andre sortar. I tillegg har desse virusa også vist seg å vera vanskelege å påvisa i laboratorieanalysar.


Tiltak

Sidan begge virusa berre angrip jordbærplanter, vil utbrot hovudsakleg ramme den enkelte bærprodusent. I visse tilfelle kan også nærliggjande bær- og planteprodusentar bli ramma. Villjordbærplanter i nærleiken til smitta felt kan også bli smitta.


- Jordbærprodusentar må vera merksame på spreiingsfare og sette i verk tiltak - både for å hindra spreiing av de aktuelle­ virusa som alt er funne­, men også for å føre­byggje introduksjon av ny virus­smitte og eventuelle bladlus som kan vera vektorar, skriv Mat­tilsynet.


 


 


 


 


Siste saker Gå til framsida