NØGD: Rådmann Jostein Aanestad er nøgd med justeringane som er gjort i den endelege tilsynsrapporten om Sogn barnevern.

Aanestad nøgd med endeleg barnevernrapport

Den endelege rapporten har tatt vekk utsegner om at Sogn barnevern har lagt vekk meldingar om vald og seksuelle overgrep.

Publisert 17.02.2017 kl. 18.45. Oppdatert kl. 18.48.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjennomført eit dokumenttilsyn med Sogn barnevern, og har no sendt endeleg rapport etter tilsynet til kommunen.


Rådmann Jostein Aanestad er nøgd med at endeleg rapport no ligg føre, og at Fylkesmannen har teke omsyn til fleire av dei innspela kommunen har gitt til førebels rapport, heiter det i ei pressemelding.


Risiko

Rådmann viser mellom anna til at Fylkesmannen i oversendingsbrevet har presisert at den uakseptable risikoen for avvik ikkje treng å ha ført til svikt.


Han meiner endeleg rapport er også meir konkret og tydelegare enn det førebels rapport var, og at rapporten legg eit godt grunnlag for forbetringsarbeidet til Sogn barnevern.


Lagt vekk

Rådmannen er særs nøgd med at Fylkesmannen i rapporten har funne det rett å ta vekk utsegner om at Sogn barnevern har lagt vekk meldingar med mogleg vald, moglege seksuelle overgrep og alvorleg uro for barnets omsorgssituasjon.


Rapporten har også tatt inn kommunen si grunngjeving for henlegging av meldingar.


Formuleringar

I den endelege rapporten har Fylkesmannen endra formuleringa av datering av brev med vidare til «brev, undersøkingsrapportar og andre dokument viser som regel dato for oppretting av dokumentet i fagprogrammet, ikkje dato for utsending»


Dei har også tatt ut formuleringa «Vi har sett minst 4 saker der barnet truleg fyller vilkåra for individuell plan, der det ikkje er dokumentert at barnevernet har sett og følgt dette opp»


Talet på avvik er endra frå 11 avvik ned til 8 avvik.


Alvorlege

Sjølv om Fylkesmannen har gjort fleire endringar i endeleg rapport finn rådmannen at funna frå tilsynet er alvorlege.


Aanestad peiker på at alle innbyggjarane må vere trygg på at varslingar til barnevernet vert følgde opp og undersøkt, og at dei born og unge og deira familiar som treng det får den oppfølginga dei skal ha frå barnevernet.


Forbetring

- Sogn barnevern har arbeida med forbetring i tenesta sidan sommaren 2016. Me ser allereie positiv endring knytt til alle dei områda som fylkesmannen har peika på. Kommunen leverte førebels forbetringsplan til fylkesmannen 31. januar og har også sendt den til deltakarkommunane for innspel. Kommunen vil i god tid før 15. mars sende endeleg forbetringsplan til fylkesmannen, heiter det i pressemeldinga frå Sogndal kommune.


 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida