BÅT: Dei fleste av drukningane i 2017 skuldast ulukker i samband med bruk av båt og kajakk. (Illustrasjonsfoto)

94 personar drukna i fjor

Publisert 11.01.2018 kl. 12.01.

34 av dei omkomne var godt vaksne menn.

- Menn over 60 er som vanleg kraftig overrepresenterte på statistikken. 34 av dei omkomne er menn i denne aldersgruppa. Mannskapa på skøytene våre ser også at det er godt vaksne menn som slurver mest med tryggleiken. Kanskje er det ein samanheng, seier Lars Mosby Enger, pressevakt i Redningsselskapet.

Tal for Redningsselskapet syner at 94 personar drukna i 2017 her i landet. Ifølgje statistikken var det fem personar som drukna i Sogn og Fjordane.  


To born

82 menn og 12 kvinner døydde som følgje av drukning i 2017. Blant desse var to born under 8 år, syner statistikken frå Redningsselskapet.

Me må helt tilbake til 2012 sist det var eit barn under 8 år som drukna i Noreg.

- At me i år opplever at born igjen er inne på denne statistikken er ekstra tragisk. Det fortel oss at me framleis må ha sterkt fokus på sjøvit- og symjeopplæring, og at me startar opplæringa så tidleg som mogleg, seier Frode Pedersen, kommunikasjonssjef i Redningsselskapet.


Båt og kajakk

Møre og Romsdal toppar den dystre statistikken med 15 drukningar. Telemark hadde 13 drukningar, medan Rogaland hadde 12.

Dei fleste av drukningane skuldast ulukker i samband med bruk av båt og kajakk.

Drukning etter fall frå land eller bryggje stod for 16 av dødsfalla. 

Mannskapet på redningsskøytene redda 33 personar frå drukning i 2017.

Drukningstalet for 2017 er omtrent på nivå med året før, da 91 personar døde i drukningsulukker, går det fram av ei pressemelding frå Redningsselskapet, som frå januar 2017 tok over Norsk Folkehjelps drukningsstatistikk.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida