FULL KLAFF: Butikksjef Børre Klingenberg, her saman med kollega Gry Merete Grøndal, hjelpte vinnaren med å kontakta Pantelotteriet. - Han trudde ikkje sine egne auge, og kunne ikkje skjøna at det var sant, seier Klingenberg om 90-åringen som fekk ein svært så minnerik handletur.

90-åring vann éin million

- Det var utruleg kjekt å få oppleva dette.

Publisert 13.02.2018 kl. 17.17. Oppdatert kl. 18.26.

Det seier 90-åringen som fekk full utteljing då han panta flasker på ein butikk i Lærdal.


På handel

Tysdag klokka 12.41 skjedde det mange drøymer om.


- Eg var på handel med kona, og me hadde med oss tre vesker med panteflasker. Som vanleg trykte eg på knappen slik at pengane går til Røde Kors, og det kom ut ei lang strimmel som fortalde at eg hadde vunne éin million kroner. Det er nesten ikkje til å tru, smiler 90-åringen som ønskjer å vera anonym.


- Det blir mykje mas om eg skal ha namnet mitt i avisa, seier pensjonisten som tok turen frå nabokommunen til Lærdal for å handla denne februardagen.


- Me likar å køyra oss ein tur og kombinerer det med handel. Det var eit lurt val denne gongen, smiler den ferske pantemillionæren.


- Gje mykje godt

Han har ikkje bestemt seg for kva han skal bruka pengane på, men den næraste familien vil nok merka at han har vunne ein solid bunke med pengar.


- Eg skal gjera ekstra stas på kona mi som var med meg på butikken, seier han.


Han panta flasker for kring femti kroner tysdag. Han var aldri i tvil om at pengane skulle gå til Røde Kors.


- Det er ein institusjon som gjer mykje godt og fortener all den støtte dei kan få, konkluderer han.


Først i fylket

90-åringen er den første pantemillionæren frå Sogn og Fjordane nokon gong. I 2017 var det elleve personar rundt om i landet som vann toppgevinsten på éin million kroner. Sidan starten i 2008 har 53 personar blitt millionærar i Pantelotteriet. I fjor tok Røde Kors imot 37 millionar kroner frå denne panteordninga. Det er ny rekord. Sidan starten i 2008 har Pantelotteriet bidrege med 195 millionar kroner til Røde Kors. Halvparten av midlane går til Røde Kors lokalt.


Les meir om: Nyhende