KORTE TURAR: Mange droppar hjelmen på korte turar. (Pressefoto: Colourbox)

6 av 10 av slurvar med hjelmen

Mange slurvar med hjelmbruk når dei syklar åleine, men tek han på når dei syklar med ungar.

Publisert 17.07.2017 kl. 11.38.

- Få på deg hjelmen! Det er ikkje noko mindre farleg å sykla åleine enn saman med borna, seier Ann-Kathrin Årøen, kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk.


Dårleg praksis

Ei landsomfattande undersøkinga gjennomført av YouGov for Trygg Trafikk og Tryg Forsikring blant norske syklistar, avslører dårlege haldningar og praksis når det gjeld bruk av sykkelhjelm, heiter det i ei pressemelding.


Nær 30 prosent av alle som syklar svarer at dei aldri, sjeldan eller berre av og til bruker hjelm. 14 prosent seier «som oftast». Og 20 prosent har ikkje sykkelhjelm.


- Dersom du slår hovudet i asfalten, er hjelm ditt einaste vern mot veldig alvorlege hovudskadar. Då er det temmeleg håplaust at så mange av oss framleis droppar hjelmen. Her må folk skjerpa seg, seier Årøen.


Passar på borna

Når det gjeld born, er verkelegheita ei anna. 85 prosent seier at borna alltid har hjelmen på. Og 71 prosent av dei som faktisk har ein hjelm, seier at dei alltid bruker den når dei sjølve syklar saman med borna. Men delen av dei spurde som brukar hjelm, rasar ned til 44 prosent når dei syklar åleine.


Leiar i Tryg Forsikring i Norge, Espen Opedal, er svært nøgd med at me nesten er i mål på hjelmbruk blant born, men uroa over at dei vaksne heng etter.


- Me vaksne må forstå at dette gjeld oss også. Det er ikkje nokon skilnad på stor og liten, kort og lang tur. Sykkelturar utan borna er ofte meir risikofylte. Då bør du i kvart fall bruka hjelm, seier han.


Korte turar

Undersøkinga viser at berre 35 prosent av syklistane alltid bruker hjelm. Bevisstheita om hjelmbruk er også ulikt fordelt mellom ulike typar syklistar, og treningsentusiastane er best i klassen. I denne gruppa svarer 51 prosent at de alltid nyttar hjelm når dei syklar.


- For «treningsproffen» på langtur er hjelm ein helt naturleg del av treningsantrekket. Verre er det med dei som «berre skal» ein kort tur. At turen er kort er den vanlegaste unnskyldninga for å droppa hjelm - og den dårlegaste. Det er akkurat like farleg å sykla kort som å sykla langt, forklarer Årøen.


- Billeg forsikring

Espen Opedal i Tryg Forsikring opplyser at dei årleg får inn mange tilfelle av hovudskadar etter sykkelulukker.


- Det er til dels svært alvorleg skader det er snakk om, der mange har skadd seg for livet. Mange kunne unngått å bli uføre eller fått varige hovudskadar viss dei berre hadde brukt hjelm. Hjelm er ei billeg forsikring som reddar liv.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida