2,6 mill. til utvikling av tettstader

Publisert 06.02.2018 kl. 18.16.

Fylkeskommunen ønskjer å samarbeida tett med kommunane om korleis dei kan utvikla og forma tettstadane sine. I år kan fylkeskommunen fordela 2,6 millionar kroner til arbeidet, går det fram av ei pressemelding.

Kommunane i fylket kan kontakta fylkeskommunen for samarbeid, fagleg og økonomisk støtte til tettstadutvikling og stadforming, tilpassa kommunale plan- og utviklingsprosessar

Fylkeskommunen ønskjer løpande dialog med kommunane om prosjekt dei vil setja i gang, og korleis prosjekta kan utviklast på best mogleg måte.

- Det er viktig å ta omsyn til karakteren, særpreget og eigenarten som dei ulike stadane har fått over tid. Me ber difor kommunane ta kontakt så snart dei har eit prosjekt på trappene, slik at me kan vera med i prosessen også fram til dei søkjer om økonomisk støtte, seier plansjef Synnøve Stalheim i fylkeskommunen i pressemeldinga.


Siste saker Gå til framsida