2,3 millionar til tettstadutvikling

Publisert 15.12.2017 kl. 14.01.

Fem kommunar i Sogn og Fjordane får til saman over 2,3 millionar kroner til tettstadforming og stadforming i 2017. Gloppen kommune får den største løyvinga i år på 740.000 kroner. Dei andre kommunane som får midlar er: Stryn (505.000 kroner), Askvoll (457.880 kroner), Høyanger (378.000 kroner) og Selje (250.000 kroner).

Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit mål om å styrkja særpreg og eigenartar for tettstadar i fylket. Det vert gjort gjennom støtteordninga for tettstadutvikling og stadforming. Alle kommunane i fylket kan søkja fylkeskommunen om fagleg og økonomisk støtte til tettstadutvikling og/eller stadforming tilpassa kommunale plan- og utviklingsprosessar, går det fram av ei pressemelding.


Les meir om: Nyhende Notis Høyanger

Siste saker Gå til framsida