HAMNA UTFOR VEGEN: To personar vart sende til sjukehus for sjekk etter ei utforkøyring i Luster. (Foto: Tipsar)

To til sjukehus etter utforkøyring

Publisert 10.08.2018 kl. 16.57. Oppdatert kl. 18.19.

Naudetatane rykte fredag ettermiddag ut til ei trafikkulykke ved Porsen på fv. 55 nær Skjolden.


Ein bil har hamna utfor vegen, melder politiet på Twitter.


- Det var ein bil som hadde køyrt utfor vegen, og låg ned mot fjorden, seier Frode Eide ved Alarmsentralen.


Helse Førde melder i 17-tida at to personar er involverte. Det er ambulanse på staden og to pasientar blir sende til sentralsjukehuset i Førde.


Les meir om: Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida