Stogga ikkje for kontroll

Publisert 06.03.2018 kl. 21.31.

Under tysdagens kontroll på Håbakken var det to førarar som ikkje stogga for skilta kontroll.


Statens vegvesen opplyser at desse blir melde til politiet for dette. I same kontroll vart tre førarar melde for brot på køyre- og kviletida.


I tillegg vart det gitt eit overlastgebyr, eit kjettinggebyr og to vognkortgebyr.


Les meir om: Nyhende Lærdal Notis Trafikk

Siste saker Gå til framsida