Åtvarar mot glatte vegar

Publisert 08.02.2018 kl. 20.14.

Det kan bli vanskelege køyreforhold på Vestlandet, melder Meteorologisk institutt.


Det er sendt ut OBS-varsel som gjeld frå torsdag ettermiddag til fredag ettermiddag.


Ifølgje Yr er det venta lokalt vanskelege køyreforhold i indre strok på grunn av overgang fra snø til regn under 300 meter over havet. 


Det er meldt om regn torsdag og første del av fredag, opp til 300-500 moh. Fredag ettermiddag blir det bygevêr, og då er det igjen meldt om snø i indre og høgareliggande strok.


 


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk Uvêr

Siste saker Gå til framsida