(Illustrasjonsfoto)

Mista pengane bestemora hadde gitt i julegåve. No har ho fått dei att

Pengesummen som vart funnen og levert inn til politiet i romjula, er no gitt attende til eigaren.

Publisert 03.01.2018 kl. 10.00.

Politiet i Luster, Sogndal og Leikanger melde 29. desember på sine Facebook-sider at ein pengesum hadde blitt levert inn som hittegods.

"Dersom du trur dette kan vera dine pengar, må du opplysa kor mykje du har mista og valør, samt kvar du har mista dei», var beskjeden frå politiet, som bad eigaren av pengane om å ta kontakt etter nyttår. Tysdag kunne dei opplysa at eigaren har meldt seg og fått att pengane sine.


Julegåve

Dei tusen kronene som vart funne og leverte inn på politistasjonen i Sogndal, synte seg å vera ei julegåve.


- Eg mista pengane medan eg var på handling fredag, og så gjekk det ei stund før eg merka det. Då eg oppdaga at dei var vekke, fann eg dei ikkje i området der eg hadde mista dei, så eg var veldig letta då eg høyrde at det var levert inn pengar på politistasjonen, fortel eigaren av pengane til Sogn Avis.


Ho ynskjer ikkje å ha namnet sitt i avisa, men opplyser at ho hadde fått pengane i julegåve frå bestemor.


Finnarløn

- Det var sjølvsagt veldig fint å få tilbake pengane, og eg er takknemleg for at dei som fann pengane leverte dei inn.


Ho opplyser at finnaren av pengane har fått finnarløn.


Det var Porten som først omtala at pengegåva no er attende hjå eigaren.


Les meir om: Nyhende Politi Sogndal

Siste saker Gå til framsida