Fekk nærkontakt med spekkhoggarflokk

Spekkhoggarane jakta på niser i Fjærlandsfjorden.

Publisert 16.02.2017 kl. 19.11. Oppdatert kl. 21.08.

Daniel Meisterplass og Torbjørn Stølen var på jobb ved fjorden då dei oppdaga flokken med spekkhoggarar på veg inn.


Dei fortel om ei mektig naturoppleving då dyra kom heilt bort til båten.


- Det var heilt fantastisk å sjå desse flotte dyra på nært hald. Me såg dei komma inn fjorden, og for ut med båt for å sjå nærare. Etter ei stund splitta flokken seg opp og for innover på kvar si side av fjorden. Dei jakta etter niser. Ved eit par høve kom dyra rett imot oss og under båten. Dei var berre nokre få meter frå oss, fortel Meisterplass.


Meisterplass snakka med andre folk som også hadde bivåna kva som skjedde ut på fjorden.


- Me prata med andre som hadde sett mange niser som oppførte seg rart. Det var tydeleg kva spekkhoggarane var ute etter, seier Meisterplass, som nytta høvet til å sikra seg eit flott filmminne frå opplevinga.