SAMBAND: Bru over Esefjorden er inne i investeringsplanen.

100 millionar til Esebru-prosjektet

Både bruprosjektet over Esefjorden og tunnel på fylkesveg 53 i Jåteli er sikra plass i investeringsplanen for Regional transportplan (RTP).

Publisert 06.12.2017 kl. 15.52.

 


I behandlinga av RTPen for perioden 2018 til 2027, har dei folkevalde sett av 100 millionar kroner som rassikringsmidlar på fylkesveg 55 Kjenes i Balestrand. I praksis for å leggja fylkesvegen i bru over Esefjorden.


Restfinansieringa av prosjektet, mellom 200 og 300 millionar kroner, kjem i år 2022 OG 2023.


- Historisk

Ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand følgde debatten om den regionale transportplanen onsdag, og han er veldig godt nøgd med vedtaket.


- Dette er eit historisk vedtak for oss. No har me endeleg fått bruprosjektet, som det har vore arbeidd med i mange tiår, inn i investeringsplanen, seier han.


290 millionar

Også eit anna skredsikringsprosjekt i Sogn er inne i investeringsplanen. Det er bygging av ein om lag 780 meter lang tunnel forbi dei mest skredutsette partia i Jåteli, på fylkesveg 53 Årdal-Tyin. I fireårsperioden investeringsplanen gjeld for, er det sett av 290 millionar kroner. Restfinansieringa, 45 millionar kroner, kjem i perioden 2022-2023.


Andre investeringar i Indre Sogn dei komande fire åra er 4,7 millionar kroner til ny brøytestasjon på Holsbru i Årdal. Denne stasjonen skal byggjast i 2018. Både på fv. 50 ved Vassbygdvatnet i Aurland og fv. 630 ved Galdane i Borgund skal det drivast rassikringsarbeid i 2018. Der er sett av 3,1 millionar kroner til kvar av desse to sikringsprosjekta.


Les meir om: Nyhende Balestrand

Siste saker Gå til framsida