- Vellukka møte om samanslåing

Fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland møtte fredag 17. mars i Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å følgje opp intensjonsavtalen om samanslåing av fylka.

Publisert 17.03.2017 kl. 14.05.

Det var særleg fylkesmannsstrukturen som sto på agendaen då fylkesordførarane Jenny Følling og Pål Kårbø møtte statssekretærane Kristin Holm Jensen og Paul Chaffey.

- Det var eit godt og konstruktivt møte, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding.

Fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland var tydelege på at leiinga for Fylkesmannen må leggjast til Leikanger, i tråd med det fylka er samde om i intensjonsplanen. Følling understrekar at det er del av den heilskaplege arbeids- og rollefordelinga som er forhandla fram i regionen, og at dei forventar at regjeringa legg hovudsetet for Fylkesmannen til Sogn og Fjordane.

Vedtaka i fylkestinga har vilkår som må følgjast opp for at den nye regionen skal etablerast. Eit viktig premiss er at samfunnsoppgåver vert overførte frå statleg til regionalt folkevalt nivå, og at desse vert sette i samanheng med sentrale oppgåver og ansvarsområde som fylkeskommunane no har. Regjeringa har vedteke den nye organiseringa av Fylkesmannen, og har fastslått delt lokalisering i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er derimot ikkje sagt noko om kvar leiinga for embetet skal liggje.