PÅ HØGSKULEN: Statsminister Erna Solberg med følgje kom til høgskulen i Sogndal tysdag føremiddag. (Foto: Keth Øren)

- Stao pao, sa Solberg

Statsminister Erna Solberg er i Sogndal for å opna den nye høgskulen på Vestlandet.

Publisert 10.01.2017 kl. 12.08.

- De skal bevara alt det som de er drivande gode på. Men i felleskap med Bergen, Førde, Stord og Haugesund, skal de skapa utdanning og forsking av endå høgre kvalitet, sa Erna Soberg til dei som var samla til opningshowet i Sogndal.


Ho skrudde tida attande til mai 2014 då regjeringa kom med utfordringa til høgskulane og universiteta.


- Her i Sogn og Fjordane reagerte de på utfordringa frå sentrale myndigheiter i dykkar aller beste vestlandske tradisjon, ved å stritta imot av alle krefter. Men det kom noko godt ut av motkreftene. Me har fått ein grundig prosess, ein open debatt, og me kom fram til ei løysing som har vakse fram frå dykk til beste for Vestlandet og til beste for Noreg, sa Solberg i opningstalen sin.


Sjølv var Solberg på plass i Sogndal, men talen var overførd direkte på nettet og vart følgd på alle campusane til Høgskulen på Vestlandet.


Solberg ønska lukke til med den nye høgskulen og oppmodinga til sogningane i salen og alle på den samanslegene høgskulen var klar:


- Stao pao!


Fargespill, Thea Hjelmeland og Anderz Eide står på programmet under opningsshowet som skjer på tre stader - i Haugesund, Sogndal og Bergen.


Statsminister Erna Solberg deltek frå Sogndal, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Bergen og statssekretær Bjørn Haugstad frå Haugesund.



Siste saker Gå til framsida