PROTESTERER: Jenny Følling har lite sansen for regjeringa sine planar.

- Regjeringa har eit mål om å styrka det lokale sjølvstyret. Då er dette eit steg i feil retning

Regjeringa vil flytta ansvaret for arbeidet med vassforskrifta frå fylkeskommunane til statleg nivå. Protestane let ikkje venta på seg.

Publisert 24.10.2017 kl. 07.05.

Klima- og miljødepartementet saman med Olje- og energidepartementet foreslår omfattande endringar i organiseringa av arbeidet med vassforskrifta.


Mistar fart

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) meiner eit slikt grep vil svekkja lokalpolitiske engasjementet.


- Om dette blir vedteke, mistar me fart i arbeidet med å få til miljøutbetringar i vatna og vassdraga våre. Dagens organisering har vore nybrotsarbeid og har sikra god politisk forankring, engasjerte lokalsamfunn og aktiv deltaking frå alle partar. Det er den beste og mest berekraftige måten å sikra god økologisk tilstand i vassdraga våre, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding. Ho meiner vidare at forslaget flyttar arbeidet med vassforvaltning frå lokale- og regionale demokratiske arenaer til statlege kontor.


Eigen region

Noreg er i dag delt inn i elleve vassregionar, og Sogn og Fjordane utgjer ein eigen vassregion. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for å forvalta vassregionane og koordinera samarbeidet mellom alle som brukar og påverkar vatnet. Det omfattar alle nivå av styresmakter, kommunar, verksemder, interesseorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar, forskarar og næringsliv.


- Noreg har fått internasjonal anerkjenning for korleis me har organisert arbeidet med vassdirektivet. Me må difor halda fram det gode arbeidet som er gjort lokalt og regionalt, understrekar fylkesordføraren.


Protestskriv

Dei elleve vassregionane har gått saman og sendt eit protestskriv til Klima- og miljødepartementet. Dei hadde også møte med departementet om saka 19. oktober.


Vassregionane meiner framlegga til endringar svekkjer lokal areal- og ressursforvaltning fordi nasjonale styresmakter ikkje har lokal eller regional kompetanse til å sjå det samla behovet i samfunnet. Fylkesordføraren meiner endringane ikkje er i tråd med intensjonane i regionreforma.


- Regjeringa har eit mål om å styrka det lokale sjølvstyret. Då er dette eit steg i feil retning, slår Følling fast.


Siste saker Gå til framsida