MÅ FÅ BLI: Abenezer må få bli, heiter det i ein uttale frå Autismeforeinnga i fylket. Her i trygge omgjevnader i Kyrkjebakken barnehage, saman med Mette Næss Olesen.

- Lat Abenezer få vera i Sogndal

Abenezer må få vera i Sogndal.

Publisert 14.02.2018 kl. 08.46. Oppdatert kl. 09.14.

Det går fram av ein uttale frå årsmøtet til Autismeforeininga i fylket.


- Nok ein gong syner UNE at dei manglar kompetanse kring enkeltindivid og deira særskilte behov. Autismeforeinga i Sogn og Fjordane vil difor setje fokus på Abenezer sine behov og at han er i ei særskilt stilling, heiter det blant anna i uttalen.


Abenezer, som har budd i Sogndal heile livet sitt, er diagnostisert med alvorleg autisme og moderat psykisk utviklingshemming. No risikerer han og familien å måtte flytta frå Sogndal etter vedtak om å leggja ned Sogndal mottak.


Går ikkje over

Autismeforeininga syner til at autisme er ikkje noko som går over.


- Det er ikkje noko du kan vekse av deg, men tidlege tiltak og oppfølging i tillegg til faste rutinarog individuell tilpassing er avgjerande for utviklinga og for framtida for denne gruppa. Ein autist treng mykje oppfølging, tryggleik og at dagen er føreseieleg. Difor er det særs uheldig at eit opplegg særskilt tilpassa Abenezer no skal opphøyre grunna nedlegging av asylmottaket i Sogndal. Kanskje vil Abanezer få eit godt tilpassa opplegg dit han kjem, på sikt, men kva skjer i mellomtida før det nye støtteapparatet er på plass? Ei flytting vil uansett vere uheldig og vil kunne føre til uopprettelege tilbakesteg for guten og det må UNE ta med i si vurdering, heiter det.


Les òg: Psykologspesialist: - Dersom Sogndal seier ja, kan Abenezer få halda fram med å bu her


Veg tyngre

Autismeforeininga meiner at barnet Abenezer og hans behov må vega tyngre enn prinsipp. «Lat Abenezer få ha ein trygg og føreseieleg barndom. Lat han få halde fram med å bu i Sogndal og nyte godt av det gode opplegget han har der», går det fram av uttalen.


Les òg: UDI: - Forstår at det er ei krevjande sak


Vil du ha tilgang til alt på sognavis.no? Bli abonnent - berre 50 kroner første månaden


Siste saker Gå til framsida