SVART KATT: Svart katt over vegen blir ofte sett på som ulukkesteikn. I følgje Tryg forikring forbind mange også fredag den 13. som ulukkesdag, men at dette ikkje stemmer. (Foto: Tryg Forsikring)

- Fredag den 13. er ingen ulukkesdag

Mange i Norge forbind fredag den 13. med ulukke, medan det er ein lukkedag i Italia. Dei som har angst for fredag den 13. kan ifølgje Tryg forsikring berre ta det med ro.

Publisert 13.07.2018 kl. 13.18.

- Fredag den 13. er faktisk ein sikrare dag enn alle andre fredagar i året.
Statistikken viser at det skjer færre ulukker fredag den 13. Sjansen for å bli
utsett for bilulukke denne fredagen er 12 prosent mindre enn andre fredagar, og me ser same tendens for reiseskadar, brann-, vass- og personskadar, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.


Overtru

Fredag den 13. er frå gamalt av forbunde med mykje overtru, og talet 13 har vore sett på som eit teikn på ulukke. Mange stader unngår framleis å bruka talet 13 i til dømes. gatenummer, etasjar, hotellrom og seterader på fly.

- Overtrua er sterk hjå mange, og det skal ein ikkje kimsa av. Når det likevel viser seg at fredag den 13. ikkje er ein så stor ulykkesdag som mange har inntrykk av, heng dette trulig saman med at folk er ekstra varsame denne fredagen, at dei tek færre sjansar enn normalt. Folk tek sine sine forholdsreglar, sier han.


Les meir om: Nyhende