SIGRAR: Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag meiner dei har fått gjennomslag for fleire prinsipielle sigrar i jordbruksoppgjeret. (Pressefoto)

- Ein god avtale for Vestlandet

Onsdag kveld blei Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag samde med staten om jordbruksavtale for 2019.

Publisert 18.05.2018 kl. 11.37.

- Eg meiner gjengen i forhandlingsutvalet har gjort ein god jobb, og fått gjennomslag for fleire prinsipielle sigrar, seier Anders Felde, fylkesleiar i Bondelaget.


Han fortel at landbruket mellom anna fekk gjennomslag for auka bruk av budsjettmidlar, og betre marknadsordningar.


- Me har også behov for meir frukt og bær i den norske marknaden, og difor har næringa fått ein ekstra stimulans i oppgjeret, seier han, ifølgje ei pressemelding frå Sogn og Fjordane Bondelag.


Vestlandet

- Eg vil seia at dette er ein god avtale for Vestlandet. Det viktigaste for Vestlandet er at det blei innført eit nytt arealtilskot som berre gjeld for Vestlandet. I tillegg er eg glad for det nye pyramidetilskotet som kom på mjølkekyr. Tilskotet er størst på 22 mjølkekyr, forklarer Felde.


Ifølgje leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag vil tilskotet treffa mange av mjølkebøndene i fylket særs godt.


- I tillegg får me auka distriktstilskotet, og løyvingar til bratt areal. Noko som syner at vestlandsbonden har vore ein av dei prioriterte i årets oppgjer. Fleire av verkemidla er retta mot geografiske områder der me slit med å halde areala i drift, og slit med inntektsutviklinga. Det syner at gjennom jordbruksforhandlingane vert det teke tak i utfordringane i Norsk landbruk.


Gode tilbakemeldingar

- Sjølv om eg er godt nøgd med avtalen var det likevel skuffande at me ikkje klarte å nå inntektsmålet. Bøndene treng kronemessig lik inntektsutvikling og tetting av inntektsgapet. Det nådde me ikkje i årets forhandlingar. Det er også utfordrande for sauenæringa at me ikkje greier å behalda pengane i næringa. Utan balanse i saueproduksjonen blir det utfordrande framover.


Felde seier at det er vanskeleg å tetta gapet sidan marknaden er i ubalanse.


- Dette er noko me skal jobba vidare med, slår han fast.


- Eg har stort sett fått gode tilbakemeldingar frå bøndene eg har prata med i Sogn og Fjordane, seier Felde, som gler seg over det.


Les meir om: Nyhende Landbruk

Siste saker Gå til framsida