FEKK POKAL: Volleyballaget frå Sogn og Fjordane fekk utdelt gullpokalen av Jens Stoltenberg, generalsekretæren i NATO. Her er nesten heile delegasjonen frå Sogn og Fjordane samla. (Foto: AUF)

- Det har kanskje aldri vore viktigare å reisa til Utøya

Sist veke var 25 medlemmer i AUF i Sogn og Fjordane på årets sommarleir på Utøya.

Publisert 08.08.2018 kl. 13.26.

Frå Sogn var det fire deltakarar frå Lærdal og Årdal AUF og to deltakarar frå Høyanger AUF.

MØTTE JENS: Anthony Labarca Hiller, Olav Vindedal Erikstad, Ingar Paaske, Egil Natvik Vestrheim frå Lærdal og Årdal AUF saman med Jens Stoltenberg på sommarleiren til AUF på Utøya. (Foto: AUF)

Politisk verkstad

- Det har kanskje aldri vore viktigare å reisa til Utøya. Me ser at hatet mot AUF og AP oftare kjem opp i kommentarfelta, og at debattklimaet stadig blir hardare. Trass i dette ser me at demokratiet og kjærleiken blomstrar på Utøya, der me er ein del av Noregs største og viktigaste politiske verkstad, seier fylkesleiar Sindre Hornnes.


AUF-besøk

I ei pressemelding vert det opplyst at det på programmet for årets sommarleir mellom anna stod politiske diskusjonar, konsertar og tøffe duellar på fotball- og volleyballbana.


- Programmet var veldig bra i år. Det var mange spanande, morosame og interessante talar, innleiarar og politiske verkstadar alle dagane, seier Hornnes.


På årets leirprogram fekk AUF-besøk av mellom andre Jonas Gahr Støre, Hadia Tajik og LO-leiar Hans Christian Gabrielsen.


AUF-arane deltok òg på forskjellige politiske og praktiske verkstadar og såg generasjonsduellar mellom AUF og Arbeidarpartiet i bakken.


Gull i volleyball

Som vanleg var fotball- og volleyballturneringane mellom fylka eit høgdepunkt for deltakarane. I år bar fylkeslaget frå Sogn og Fjordane sogndalsdrakter som dei hadde fått av Sogndal Fotball.


- I fotballturneringa, der fylkeslaget ikkje har vunne ein einaste kamp før i år, klarte me å koma heilt til semifinalen. I volleyballturneringa vann me gullet. Pokalen vart overrekt av sjølvaste generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg. Dette var veldig stas for fylkeslaget, og eg er veldig stolt over innsatsen til alle, seier kaptein Amalie Birkelid Kvellestad.