KAMP: Fylkesordførar Jenny Følling bur seg på ein hard kamp om vegkronene. (Arkivfoto)

- Ber litt preg av Ole Brumm-politikk

Fylkesordførar Jenny Følling er nøgd med at Hemsedalsfjellet blir hovudvegsamband for næringstransport.

Publisert 20.03.2017 kl. 14.38.

Det har vore knytt stor spenning til kva som skulle bli den andre stamvegen mellom aust og vest - riksveg 7 over Hardangervidda eller riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.


I dag, måndag, vart det kjent at regjeringa og samarbeidspartia ikkje vil peika på éin av vegstrekningane som ny stamveg, men heller gir tre trasear ulike funksjonar: Hemsedalsfjellet skal vera hovudsamband for næringstrafikk, Hardangervidda for persontransport og Filefjell skal fungera som avlastningsveg.


- Ja takk, begge deler

Fylkesordførar Jenny Følling er glad for avklaringa, men tykkjer også det heile framstår som litt ullent, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.


- Det ber litt preg av Ole Brumm-politikk dette, ja takk, begge delar. Me har ein stor jobb å gjera for å kjempa fram dei prosjekta som trengst over Hemsedal, og det blir ein knallhard kamp om prioriteringar og pengar. Men me har sterke aktørar på laget, blant andre LO, NHO og Norges Lastebileier-Forbund har støtta Hemsedalsfjellet heile vegen. I tillegg er reiselivet i Sogn 1,5 gonger større enn i Hardanger, noko som er viktig for tyngda på det området, seier Følling.


- Viktig prinsipp

Ho meiner regjeringa og samarbeidspartia har slått fast eit viktig prinsipp med denne avklaringa.

- At Hemsedalsfjellet blir hovudvegsamband for næringstransport mellom aust og vest, betyr at vegen må rustast opp til den standarden som næringslivet treng. Det er veldig viktig for det eksportretta næringslivet me har her på Vestlandet, seier Følling.

Frå før er det kjent at E134 over Haukeli også skal vera stamveg aust og vest.