Wittgenstein og folk flest

Publisert 16.03.2017 kl. 19.06.

Det står stor respekt av arbeidet som er gjort for å få atterreist Wittgenstein-huset ved Eidsvatnet i Skjolden. Ludwig Wittgenstein (1889 - 1951) hadde fleire opphald i Noreg, men berre eitt lengre arbeidsopphald i hytta ved Eidsvatnet, frå 1936 til 37.


Han gav ut berre ei bok medan han levde, «Tractatus Logico - Philosophus», til vanleg kalla Tractatus. Etter hans død kom «Philosophische Untersuchungen» - Filosofiske undersøkingar, som byggjer på hans etterlatne papir.


«Wittgenstein mente at den som leser Tractatus og forstår den, til sist vil erkjenne at dens setninger er meningsløse» (Wikipedia). Vidare kan ein lese der: «En av konklusjonene i boka er at filosofi representerer en meningsløs aktivitet».


I Store Norske Leksikon kan ein lese: «I hele forfatterskapet benekter Wittgenstein at filosofi er en vitenskap som positivt kan øke vår viten. I stedet blir filosofiens rolle å fungere som terapi som løser de problemene vi skaper gjennom misforståelse av språket.»


Det er brei semje om at Wittgenstein har hatt overlag stor innverknad på moderne filosofi.


Ja vel, men eg minnest frå førebuande prøve i filosofi, Sokrates, han som formulerte setninga: «Eg veit at eg ingenting veit» - docta ignorantia, på latin. Har då filosofien gjort så store framsteg på vel 2000 år?


Wittgenstein er på god veg mot evig liv blant filosofar, men kva kan han gje oss sogningar i dag? Eg skulle gjerne sett ei klårgjering av det, men det ventar eg ikkje kjem frå nokon filosofiprofessor.


«Nei, vesle vitet det rekk ikkje til.


Ei tru må stydja upp-under, ----» skreiv Ivar Aasen. Sogningane har nok mykje meir Ivar Aasen å takke enn Ludwig Wittgenstein. Han gav oss eit skriftspråk som vi kan kjenne oss heime i.


Viktige byggjesteinar til dette arbeidet henta Ivar Aasen i Sogndal. Der leitar du fåfengt etter eit minnesmerke over han Ivar. Heidersplassen er gjeven til ein tjuv og kjeltring.


Steinar Velle