Tidsklemme, pliktløp og stressa eittåringar

Publisert 20.04.2017 kl. 14.12.

På ei nyheitssending for ei tid tilbake vart det presentert resultat av forsking på eittåringar i barnehage. Testen gjekk ut på å måle stresshormonet cortisol, under dagens aktivitetar. Spesielt ved lange dagar og situasjonar med utryggleik og konfliktar, auka stresshormonet betrakteleg. Forskaren beklaga overfor småbarnsforeldre at forskinga hennar ville gje dei dårleg samvit. Men ho meinte likevel at det var viktig å erkjenne fakta.


Debatten om eittåringar bør sendast i barnehage, har rast dei siste åra. Politikarane har vedteke lovfesta rett til barnehage, og mange foreldre sender eittåringane sine dit. Barn opplever stress før dei er årsgamle, og foreldre kjenner presset for å fylgje utviklinga i samfunnet. Barnehage-kvardagen kan følast skummel og stressande. Saknet etter mamma og pappa, knuffing barna imellom og høgt støynivå kan røyne på for eit lite barn. For å bøte på skaden av alt stresset har nokre barnehagar tenkt å utprøve yoga på dei små. Yoga har sitt utspring i indisk hinduistisk religion, og kva har vel då yoga i ein norsk barnehage å gjere? Barnehagen skal først og fremst gje trygg og god omsorg og samtidig stimulere til leik og sosial utvikling på barnas premiss. Mange ekspertar / forskarar meiner dei minste barna har det best heime med mamma og pappa! Forsking seier også at det er vanskeleg for alle små barn å vere borte frå foreldra sine. Vidare meiner forskarane at foreldrepermisjonen bør vere minst eitt og eit halvt år.


Kjernefamilien er ein grunnpilar i samfunnet vårt, og tid saman i familien er heilt grunnleggande for barnet, og kan ikkje erstattast av lange dagar i barnehage. Det er ei stor og viktig oppgåve å vere mor og far, og samfunnet må legge til rette for barns beste, og at foreldre sjølv kan få velje. Så lenge det offentlege finansierer barnehagen, bør dette skje gjennom stykkprisordning der pengane fylgjer barnet. Denne summen må baserast på det totale kostnadsbilde, og vere den same for alle barn utan behovsprøving, d.v.s. at foreldre kan bruke pengane i offentleg eller privat barnehage, til privat pass eller kontantstøtte, og betalast ut skattefritt til dei som ikkje nyttar barnehage.


Dagens barnehagepraksis kan lett svekke samhald og fellesskap i familien, og dermed verke oppløysande på ein av samfunnet sine viktigaste byggesteinar. Når tidsklemma og pliktløpet gjer at samlivet skrantar, vert barna også her den lidande part. La oss styrke valfridomen! Til slutt oppmodar eg lesarane til å gjere seg kjent med Partiet De Kristne sitt politiske program, som er noko av det ypparste ein kan gå til val på i september. (www.dekristne.no)


(Kjelde: professor May Britt Drugli og psykolog Elisabeth Gerhardsen m.fl..)


 


Reidun Tonheim


Fylkesstyremedlem i Partiet De Kristne S. og Fj.


Siste saker Gå til framsida