ETTERLYSING: Kva meiner du i denne saka, Hilmar Høl, spør Carina Frisk.

Spørsmål til Ap i regionsaka

Publisert 16.03.2017 kl. 19.06.

Høgre og Frp har med støtte av Venstre bestemt seg for å slå saman fylka slik at 19 fylke blir til ti. Ein kan stille mange spørsmål til prosessen i denne saka. Ap-topp i Telemark, Terje Aasland, seier at denne samanslåinga er «reine galskapen». (NRK Telemark 21. februar). I andre fylke er Ap kritiske, men kvar står Ap i vårt eige fylke?


Hordaland fylkesting kom med eit krav om at midlane frå salet av Fjord 1 skulle brukast, ikkje berre til investeringar i dagens Sogn og Fjordane, men også til drift. (Sogn Avis 7. februar). Hordaland sitt tillegg er eit brot på avtalen. Kva meiner Hilmar Høl i denne saka no? For kort tid sidan meinte han at dette kravet kunne gjere at avtalen vart sett på spel. Er dette ikkje noko viktig sak lenger?


No er Fylkesmannsembeta si inndeling vedtekne av Regjeringa i Statsråd. Det er bestemt at det blir delt lokalisering mellom vårt fylke og Hordaland, og ingen garanti om at leiinga skal liggja i Leikanger. Dette er noko som var eit ufråvikeleg krav då intensjonsavtalen om samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland vart inngått. Korleis ser Ap på denne utviklinga?


Heile prosessen i regionsaka er prega av hastverk. Det er knytt stor usikkerheit til fleire store saker, til dømes inndelinga av nye valdistrikt og det frivillige arbeidet si organisering på fylkesnivå. Undersøkinga NRK gjorde om regionreforma, viser at innbyggarane i Sogn og Fjordane vil ha ei folkerøysting. Regionreforma var faktisk ikkje ei sak i førre valet. Som det er no, køyrer ein over vanlege folk og det gir frustrasjon og mistillit til politikarane. Burde ein ikkje ta seg tid å sjå på følgjene? Burde ikkje vanlege folk, og ikkje minst ungdommane, få tid å setje seg inn i ei sak som fører til så store endringar?


 


Carina Frisk