GODE LIV: Mange kallar Solvorn ei perle ved Sognefjorden.(Foto: Privat)

Solvorn, ein god plass å bu!

Publisert 15.02.2017 kl. 14.07.

Det er mykje rett i denne påstanden. Solvorn er ein sentral plass i Luster kommune. Tre kilometer frå fylkesvegen og med ferje over fjorden til sørsida. Solvorn er den plassen i Luster som ligg nærmast Sogndal. Faktisk er det like langt til regionsenteret som til kommunesenteret. Solvorn ligg ved fjorden, og det er kort veg til fjells. Her kan du på same dag få deg ein fjelltur og ein svømmetur i løpet av nokre få timar.


Det bur i alt 250 menneske i Solvorn. Nokon har arbeidsplassen sin her, andre arbeider andre stader i kommunen, og ein heil del jobbar i Sogndal eller på Leikanger. Etter at vegane er blitt betre dei siste åra, tek det berre førti minutt å køyra til Leikanger.


Mange kallar Solvorn ei perle ved Lustrafjorden. Det gjer både tilreisande og fastbuande. Og det er på mange måtar ein fin liten stad! Langs stranda ligg dei gamle strandsitjar-bustadene med si historie, Walaker hotell med galleriet, og Skrivargarden. Øvst oppe finn du Øvrebø med klyngjetun med gamalt og nytt i malerisk blanding. Kjem du med ferja frå Ornes, vil du sjå at midt i bygda ligg kyrkja strategisk plassert med Solvorn Oppvekstsenter like ved. Kyrkja er frå 1883, skulehuset er 100 år yngre. Det er eit godt bygg som kommunen har tatt vare på med vedlikehald og fornying for å ha ein god og tidsmessig skule og barnehage.


Høgre oppe i bygda ligg det nye byggefeltet. Det har ein fantastisk utsikt over fjorden og bygda nedanfor. Her er det mange byggeklare tomter, men berre to hus er bygde så langt. Området er flott lagt til rette med veg og gatelys. Den koselege vegen går forbi hus og gardar og grøne marker. Dyr beiter på markene, og bakken er ikkje brattare enn at det går å trilla ei barnevogn både opp og ned.


Solvorn må vera spesielt attraktiv om sommaren, tenkjer folk. Her finn du ei fin badestrond med god temperatur i vatnet. Stranda er lagt til rette for bading og fungerer godt for både barn og vaksne. I desse dagar vert det arbeidd med å laga eit stupetårn som vil bli eit nytt tilbod på stranda. Det skal stå klart til badesesongen tek til.


Men Solvorn er og ein flott plass om vinteren. Her er kort veg til skiaktivitetar på Hafslo og i Sogndal. I Gaupne ligg eit flott badeland, og det er ikkje lang veg til ulike kulturtilbod. Dei aller fleste av oss vil til vanleg bruka bilen når vi skal nytte oss av slike tilbod. Om køyreturen tek fem eller femten minutt, spelar inga stor rolle, korkje økonomisk eller miljømessig. Ikkje langt frå kaien og stranda ligg nærbutikken. Her får du alt du treng av mat og hushaldsartiklar, og i den koselege kafeen ein prat og noko å bita i.


I skulen er det for tida 26 elevar. Før jul kom det fire nye, men det er plass til fleire. For ti-femten år sidan var det over tretti elevar i Solvorn skule. Med det nye byggefeltet tenkjer ein at det kan kome fleire nye elevar til skulen. Då vil dei få eit flott tilbod med ein liten og trygg skule som ligg så nært at alle kan gå til skulen. Ein liten skule der det ikkje er fleire enn at alle blir sett og tatt vare på. Mange meiner at dei mange små skulane i Sogn og Fjordane er ei av årsakene til at skulen i dette fylket har så gode resultat. Skulen har eit flott uteområde med god plass, og ei fotballbane og ein ballbinge som er opne heile dagen.


Sjølvsagt veit alle i Solvorn at det slett ikkje er sikkert at Solvorn har sin eigen skule i framtida. Men dei fleste trur at politikarane vil sjå at dei små skulane er gode tilbod til innbyggjarane, og at dei vil finna måtar å gjera innsparingar slik at ein framleis kan ha eit desentralisert skuletilbod i kommunen. Det er viktig for alle små bygder å ha ein institusjon som står for ulike aktivitetar, og som er eit samlingspunkt for innbyggjarane. Det gir tilhøyrsel. Ein må finna ut kva som gjer minst skade. Legg ein ned ein skule, vil heile bygda merka ringverknadene. På fleire måtar er det også uheldig at dei store skulane skal bli enda større. Då får lærarane der mindre tid til kvar elev. Kanskje kan ein heller få til innsparingar ved naturleg avgang i andre typar stillingar. Eller kan det vera innsparing berre ved å ikkje innføra fleire reformer i ei tid framover? Reformer kan ofte sjå ut til å medføra auka utgifter, i alle fall for ein periode.


Solvorn har eit aktivt bygdelag til glede og nytte for innbyggjarane. Rundt Solvorn held dei ved like gamle ferdslevegar både langs fjorden og til fjells, noko som gjer det mogleg for folk å koma seg ut på tur. Heile året har dei ulike arrangement som t.d. strandsitjardagane, marknad, Olsok- markering, julegateopning og karneval for barn. Elles tek dei på seg dugnader og anna arbeid i strondi. Sjøen er eit viktig fritidstilbod på ein plass som Solvorn. Det ville vera fint om Solvorn kunne få ei småbåthamn slik at fleire kunne nytta seg av det flotte tilbodet sjøen er. Båtlaget i Solvorn arbeider med å få dette til.


Rett over fjorden ligg Ornes med Urnes stavkyrkje. Det seier seg sjølv at dette fører med seg mange turistar og auka trafikk om sommaren. Men dei fleste tykkjer det er kjekt med mykje folk, liv og røre. Turisttrafikken kan òg vera med på å gi folk inntekter dei elles ikkje ville hatt. Det er etter kvart fleire som har tilbod om overnatting, omsettinga på butikk og kafe aukar, og ferja fraktar turistane over fjorden. Turisttrafikken kan kanskje bli ei inntektskjelde for enda fleire?


På ein liten plass står du ganske fritt til å velja kva slags fritid du vil ha. Vil du engasjera deg i lokalsamfunnet og ta eit tak for fellesskapen, er det mange moglegheiter til det. Vil du driva idrett, nytta naturen eller dyrka grønsaker i hagen, ligg tilhøva til rette for det òg.


Det er store sjansar for eit godt liv i Solvorn!


T. Tønnesen, innflyttar for meir enn 40 år sidan