Slippe nynorsk!

Publisert 10.01.2017 kl. 14.28.

Få dagar sidan var det nye innlegg og synspunkt i «landets største avis» om å «slippe nynorsk - slippe grautmålet», m. a. når det gjeld nyheiter i radio og TV. Eit innlegg ville ha bort dialektar, og viste til «dialektord» som «mau mi fau»! At det finst folk som ikkje likar, eller vil akseptera det norske språket nynorsk, er ille. Og at folk heller ikkje vil ha norske dialektar, som finst over heile landet (nynorsk og bokmål) er også ille. Er det noko som er viktigare enn å ta vare på norsk kultur og norske tradisjonar enn språk og dialektar?


Kva er, språkleg, ryddigaste og mest norsk, av - «eg, meg, du og deg» eller «jai, mai, du og dai»? For ei tid sidan hadde eg ein kjend språkprofessor frå Oxford University, som snakka nynorsk, som deltakar på eit kurs. «Sei meg», sa han, «kvifor har Noreg to norske språk? Veit ikkje nordmenn kva for fantastisk, godt og velutvikla språk dei har i nynorsk? Eit språk som heng saman med norsk kultur, norske tradisjonar, og det gamle norske språket? Synes verkeleg nordmenn at det er betre, eller finare (?), å snakka «riksmål»? Eit språk som har utgangspunkt frå dansk og den 400 år lange dansketida, og som er eit framandelement når det gjeld det norske språket? Tenkjer ikkje nordmenn på nasjonalitet, tradisjon og kultur og er dei ikkje stolte over landet sitt og det som er norsk?» Noko å tenkja på for mange? (Me har gjerne noko og læra av islendingane?)


Men dei som klagar på nynorsk og norske dialektar tilhøyrer gjerne ei samfunnsgruppe som synes at alt som «lukta utanlandsk og importert» (ikkje er norsk), er mykje finare og betre, enn det som er norsk? I tilfelle, i staden for å klaga og syta - kanskje dei heller skulle vurdera å flytta til eit land utan nynorsk og utan dialektar, (dersom eit slikt landet finst) - og få fred i sjela?


Odd Himle