NEDTONAR FOLKESTYRE: I Statens Hus på Hermansverk ser folkestyre og lokaldemokrati ut til å vera ein nedtona verdi, i motsetning til i Bergen og på Hamar, skriv Johs. B. Thue. (Arkiv)

Plattform for tvangssamanslåing - ei kritisk vurdering

Publisert 18.06.2017 kl. 13.35. Oppdatert kl. 13.37.

Med knappast mogleg fleirtal har Stortinget vedteke å integrera Balestrand i ein tvangsallianse der kommunen kjem ut som den tapande parten. Dette skrivestykke har som mål å syna at Balestrand no bør sjå seg om etter meir tenlege løysingar medan det enno er tid, tufta på lokalsamfunnet sine eigne premissar.


Som historikar er eg vand med å lesa og tolka kjelder. Eit spørsmål knytt til kjeldekritikken er alltid å vurdera korleis ei kjelde blir til, finna ut korleis aktørane bak kjelda speglar av sine eigne haldningar og preferansar i innhaldet som blir nedfelt. Med slike briller nærma eg meg dokumentet «Plattform for samanslåing av Balestrand, Leikanger og Sogndal». Samanslåinga byggjer på eit tvangsvedtak i Stortinget, med berre ei røysts overvekt. Påstanden om at det fanst eit breitt, politisk fleirtal for å gjera dette var berre ein ny Sanner-bløff, formidla vidare til folket gjennom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.


Det er vel ei godkjend historisk erkjenning at embetsmannsstaten blei nedbroten i 1884. Slik er det ikkje her: Tvangslasset blei drege i gang av noverande fylkesmann. Bakskuvinga av kjelke og lass stod ein pensjonert embetsmann for. Plattforma kan såleis delvis oppfattast som embetsmannsstatens nye inntogsmarsj i Midtre Sogn. I landssamanheng står dette fram dette som både inkonsekvent og merkeleg. Fylkesmenn som Lars Sponheim i Hordaland og Sigbjørn Johnsen i Hedmark tilrådde ikkje bruk av tvang mot lokaldemokratiske prosessar i nokon kommune. Slik blir heile saka styrd av det tilfeldige, der fylkesmenns respekt for folkestyret spelar ei avgjerande rolle. I Statens Hus på Hermansverk ser folkestyre og lokaldemokrati ut til å vera ein nedtona verdi, i motsetning til i Bergen og på Hamar.


Dei lokalpolitiske deltakarane i prosessen fram til endeleg «Plattform» er stort sett kvinner og menn i sin beste alder, dei fleste med bakgrunn i offentleg verksemd, med høg og sikker løn. Vellukka og friske menneske, med andre ord. Her finst ingen representant for eventuelle outsiderar, kronisk sjuke, eldre, uføre, folk med psykiske lidingar, utviklingshemma. Dette er for så vidt naturleg, men spørsmålet blir då: Korleis speglar dette seg av i innhaldet i dokumentet? Plattformvinnarane er dei kommunalt tilsette. Alle kontor i tre rådhus skal ha lys og varme kvar dag i åra fram over. Ingen skal seiast opp. Her finst heller ingen visjon om at offentleg, byråkratisk sparsemd kunne ha utløyst friske pengar til sjuke, kronikarar, uføre, utviklingshemma. Plattforma er i grunnen kjemisk reinska for konkrete visjonar om framtida, for eit betre liv for dei som treng offentleg støtte mest. Alt skal vera som før på dette området.


Balestrand kjem svakast ut endå kommunen har ein svært dyktig forhandlingsleiar i ordføraren sin. Å handtera sentrale diktat er vanskeleg for lokalpolitikarar. Problemet er at ein har ikkje vilja nærma seg det store spagat-problemet til kommunen. Det gjorde heller ikkje Fylkesmannen i si tvangstilråding, i si oppmoding til sentral maktbruk mot ein liten kommune. Uansett nye grenser vil det nemleg vera slik at Høyanger/Førde er dei nærmaste, døgertilgjengelege og ferjefrie tettstader for folk flest i Balestrand. I Høyanger finst banken vår. Vår eigen filial blei utrydda av Fylkesbanken for kort tid sidan i det største bankslaktet i nyare tid. Dei flinke tilsette der som vi kjenner og har eit kundeforhold til, skal vera på jobb i Høyanger. Politiet som også er tapt i nærområdet, har kontora sine i Høyanger/Førde, Nav-kontoret sameleis. Høyanger-ambulansen er vår nye kvardag, vår eigen ambulanse er tapt. Apotek og Vinmonopol har vi Høyanger. Tannlegen vår er også nappa bort i det siste, etter initiativ frå eit sentralt styremedlem i Sogndal Ap, sameleis barnevernet. Feiaren vår sit på eit stort og varmt kontor i Kulturhuset i Sogndal. Legevakta, 16 timar i døgeret, og alle helgedagar, er i Førde, som ligg 112 km borte frå Balestrand sentrum, men med døger-open, god veg.


Vi misser noko kvar dag, av ei vilja og gjennomgripande sentralisering på alle område. «Plattform» gjev ikkje noko svar om avbøting på dette, men skaper berre ny utryggleik om liv og helse. Hovudproblemet blir skuva under teppet. Er det ingen som ser at det særs geografisk, spreidde tenestetilbodet, som er skildra her, står fram øydeleggjande og til dels drepande for den nye vestlege Sogndalsgrenda? Legevakt- og ambulansenærleik er dei to spørsmåla som opptek balestrendingar mest, trur eg. Tryggleik altså, og ikkje kor mange lyspærer som skal lysa i Balestrand Rådhus etter 2020. Heller ikkje det store spriket i skatte/avgiftsnivå i dei tre kommunane er avklåra. Nyttårsdag i 2020 kan folk i Balestrand, ein kommune med låg gjennomsnittsinntekt, vakna opp til eit skatte-/avgiftssjokk, på Sogndalsnivå.


Viktigast er det likevel at folk i Balestrand kjenner at dei bur utrygt i dag. Mange kronikarar er redde for å bu fast her. Sjølvsagt. Eg kjenner på det same sjølv, som far til ein epileptikar. Vil lege og ambulanse nå fram i tide ved ei krise, er eit spørsmål som avlar angst. At ei slik sak, med slike eksistensielle spørsmål i botn, fell utanfor i ei «Plattform» som skal visa veg inn i framtida, er uskjøneleg. Eit embetsmannsdirigert Sanner-opplegg for dei sterke, dei friske, dei vedtaksføre fangar aldri opp det mest vesentlege for vanlege folk. Det ligg i korta. I ei ideell, demokratisk verd skulle sjølvsagt det framlagde dokumentet vore lagt ut til folkerøysting, til dømes ved valet til hausten. Ei slik løysing som no ligg føre, har aldri vore røystetema i folket. Som ei følgje av mangel på geografisk orienteringsevne hos Fylkesmann, Bjørn Lødemel, Marianne Øren og plattform-skaparar kjem snart søknaden frå gamle Kvamsøy sokn om å bli flytta over til Høyanger kommune. Det kan ingen seia nei til. Tenningafjorden mellom Hella og Veganeset ligg no der til evig tid. Det kan verken plattformer, Bjørn Lødemel, Anne Karin Hamre eller Sveinung Rotevatn gjera noko med. Gjennom ei folkerøysting må også folk i gamle Tjugum sokn kunna få gje uttrykk for kva kommune dei ynskjer å høyra til i. Gjennom dette kan dei koma seg ut av den embetsmannsstyrte tvang, tufta på eit vilkårleg og sprikande syn i fylkesmannskollegiet på det lokale sjølvstyret, som er kjernen i det norske demokratiet.


Johs. B. Thue


Balestrand


Siste saker Gå til framsida