SENTRUMSNÆRT: Barsnesfjorden er sentrumsnær og det bør no koma gang- og sykkelveg, meiner Bjørg Alme Johannessen.

Gang- og sykkelveg innover langs Barsnesfjorden

Publisert 20.04.2017 kl. 14.14.

Utvikling av tettstaden og korleis ein skal leggja til rette for bustadbygging i Sogndal, var tema på eit svært interessant debattmøte, der mange gode saker og synspunkt vart drøfta.


Tenesteleiar Erstad i kommunen viste fram kommuneplanen og snakka mellom anna om tilrettelegging og samanbinding av dei ulike delane av sentrum, slik at dei kunne nåast i rimeleg gåavstand, som gjorde folk viljuge til å gå/sykle i staden for å nytta bil. Denne avstanden var rekna til 1,3 km.


Dette sette tankane mine litt i sving. På heimvegen innover fv. 55 om kvelden, sjekka eg avstanden med km-teljaren i bilen, frå Kløvhola, der den gamle ferdselsvegen til Sogndal gjekk opp til Nes, og inn til første grenda i Kvam. Den viste 1,2 km. Eg reknar Nes som ein del av Sogndal sentrum. Altså må det reknast som rimeleg gåavstand til sentrum frå Kvam, der folk ville velja bort bilen om vegen var trygg.


Frå Loftesnesbrua til Kvam er det to kilometer. Til Ølnes er det i underkant av fem kilometer på flat veg. Tenk kva ein gang/sykkelveg kunne ha utløyst av trivsel og aktivitet for alle som bur i området! Gå eller sykla til sentrum, skule og andre fritidsaktivitetar på ein trygg veg! Så sentrumsnært!


Kvifor blir det ikkje prioritert høgare å byggja gang- og sykkelveg for innbyggjarane langs den farlege fv. 55? Ein av debattantane som ferdast på vegen, sa at han i eit tidsrom på 15 minutt på veg til jobb talde 100 bilar! I eii retning! Då blir det ca. 200 hundre for ein fotgjengar/syklist å ta omsyn til i same tidsrom: 15 minutt. Det farlegaste og mest skremmande for dei mjuke trafikantane er forbikøyringane i 80-sona, når ein er tre i breidda, to bilar i same retning + fotgjengaren/syklisten på vegkanten. Då er marginane svært små før uhellet inntreffer.


Kvar blir det «neste Kjørnesfeltet», vart det også reist spørsmål om på møtet. Ein gang/sykkelveg langs fjorden kan lett medverka til meir bustadbygging også i dette området. Ikkje alle ynskjer å bu i sentrum, men å koma seg dit på ein trygg måte er viktig for alle innbyggjarar.


Eg oppmodar hermed politikarane til å ta tak, og partia til å gi denne viktige gang/sykkelvegen høg prioritet på valprogrammet sitt.


 


Bjørg Alme Johannessen, Kvam