TRIO MEDIAEVAL: Trioen består av: Anna Maria Friman, Linn Andrea Fuglseth og Jorunn Lovise Husan. (Pressefoto)

Verdskjend trio på turné i fylket

Trio Mediaeval har oppdrag rundt om i heile verda og dei har vore både grammy, og spelmann-nominerte.

Publisert 31.08.2018 kl. 14.58.

No har den verdskjente trioen takka ja til ein turne med Folkeakademiet! Dei kjem på turne frå 4.-8. september.


Dei var «festspel-musikarar» på Festspillene i Bergen 2007, er medverkande på «Andvake» oppsetjinga av Jon Fosse ved Hordaland teater i år og dei har hatt fire konsertar i Carnegie Hall (New York) siste i 2016, heiter det i ei pressemelding.


Jubileum

Trio Mediaeval feira i fjor sitt 20-årsjubileum, og lanserte ved det høvet ei ECM-plate «Rímur» saman med jazzmusikaren Arve Henriksen - islandsk, svensk og norsk mellomalder-, impro og folkemusikk.


Våren 2018 starta Jorunn Lovise Husan som nytt medlem i Trio Mediaeval etter Berit Opheim, og trioen fortset sine prosjekt som i sommar tar dei både til England, Austerrike, Polen, Belgia, Romania, Sogn og Fjordane og Gudbrandsdalen.


Luster

Trio Mediaeval vil framføra eit program med nordiske folketonar i eigne arrangement og engelsk mellomaldermusikk. I tillegg til songstemmene, trakterer trioen både hardingfele, indisk shruti box og stavklokker (frå Amerika.)


Publikum kan sjå fram til ein konsert med nyfunne perler som ein sjeldan høyrer i dag og i Sogn er det sett opp ein stoggestad på programmet, og det er Dale kyrkje i Luster onsdag 5. september.


Elles vert det konsert i Førde, Dale i Fjaler, Operahuset Nordfjord og Øn kyrkje i Hyllestad.


Les meir om: Kultur Luster Musikk

Siste saker Gå til framsida