FEKK TAKK: Oddbjørn Ramstad har ei allsidig karriere som fylkesmusikar bak seg. Denne veka vart han takka av av assisterande fylkesdirekør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad, og fylkesmusikarleiar Øyvind Lyslo (t.h.). (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.)

Vart takka for innsatsen

Oddbjørn Ramstad har traktert både trekkspel og toradar i sine 28 år som fylkesmusikar.

Publisert 22.12.2016 kl. 17.00.

Ramstad vart takka av av assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad, i Storehagen Atrium i Førde 20. desember.


- Når du no gir deg som yrkesaktiv, kan du sjå tilbake på eit rikt musikarliv. Du skal vite at det du har bidrege med, har gjort ein skilnad. Du har gleda mange med lystig spel. Mange har fått viktig lærdom av innsatsen din. Og stoffet ditt vert teke vare på Fylkesarkivet. Det er bra. Takk for innsatsen gjennom alle desse åra, sa Erikstad.


Allsidig karriere

Ramstad vart tilsett i eit prøveprosjekt i 1989, saman med musikarane Olav Tveitane, Sigmund Eikås, Arne Sølvberg, Elin Grytting og John Oddvar Kandal. Sidan 1993 har han vore fast tilsett som fylkesmusikar. Når han no gir seg, er det på grunn av oppnådd aldersgrensa på 70 år, og han går over i pensjonistane sine rekkjer, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.


Opplæring

Ramstad har stått for opplæringa av mange unge trekkspel- og toradartalent, dirigert songkor og vore med på mange produksjonar til skular, barnehagar og sjukeheimar. Han har også vore aktiv deltakar på mange andre arrangement, som konsertar, festivalar, turnear i inn- og utland.


Han har komponert og fremja gamaldanssjangeren, vore med i teateroppsetjingar og vore ein solid formidlar.


- Mange spilloppar har det vel også vore opp gjennom åra. Siste halvanna året har du vore tilknytt Fylkesarkivet delar av arbeidstida. Me var vel litt spente begge to på korleis dette skulle gå, men eg trur eg skal slå fast at det har vore til glede og nytte både for deg og for Fylkesarkivet, konkluderte Ingebjørg Erikstad.


Les meir om: Kultur Musikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida