DÅRLIG VANE: Hip hop-arane frå Loddefjord blei Årets Urørt 2017 for låten «Gikk i Bakken». I august kjem dei til Årdal.(Pressefoto)

Til Målrock med rap

Eva Weel Skram kjem til Målrock, det gjer også hip hop-bandet Dårleg Vane.

Publisert 28.12.2017 kl. 08.00.

- Det er veldig kjekt å få presentera to så ulike artistart til Målrock 2018, seier festivalsjef Thomas Norheim Moen i ei pressemelding.

PÅ NORSK: Eva Weel Skram er første artist ut på laurdagen under Målrock. (Pressefoto)

- I eliten

Eva treng kanskje ikkje nærare presentasjon.


- To fulle hus i operaen og utselde konsertar over heile landet viser at Eva er meir populær enn nokon gong. Gjer dykk klare til høg gåsehudfaktor, heiter det frå festivalen.


Artisten frå Sogndal er første artist på scena laurdag 4. august i Meieriparken.


Festivalen skriv at etter merksemda ho fekk i deltakinga på «Hver gang vi møtes» byrja ho å skriva låtar og syngja på morsmålet sitt, noko som verkeleg har løfta ho opp i den øvste eliten blant norske artistar.


Les også: I mål med ny festival


Vann Urørt

Same kveld spelar Dårlig Vane.


Festivalen skildrar trioen som bergensarar som leverer musikkvarene nok ein gong. Med gateslagerar som «Gikk i bakken og «2 blå» har Dårlig Vane erobra rapsjangeren her til lands. Heftige konsertar krydra med herleg energi og moglegvis den råaste attityden hjelpte Dårleg Vane fram til siger i P3 sin Urørtfinale 2017.


- No kjem dei til Målrock og skal erobra Meieriparken laurdag 4. august, dette blir legendarisk, me kjem til å gå rett i bakken, trur festivalsjef Moen.


Les også: 200.000 til Målrock


På norsk

Han er godt nøgd med bookingane av desse vestlendingane.


- Eva Weel Skram innfrir forventningane til veldig mange som har ynskt ho attende til festivalen vår. Så er det kjekt å gje noko til dei yngre generasjonane som har etterspurt Dårleg Vane den siste tida. I tillegg syng begge på morsmåla sine, det ligg så absolutt an til ein historisk bra målrockfestival i 2018, meiner Moen.


Det er allereie klart at Åge Aleksandersen og Sambandet stiller på neste utgåve av Målrock. Det gjer også Gåte.


Les meir om: Kultur Musikk Ung Årdal

Siste saker Gå til framsida