URPREMIERE: Teaterstykket Yogakrigen har snart urpremiere og skal ut på turné i fylket. (Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as)

Streng yogadisiplin på scena

- Før møttest kvinner rundt kjøkkenbordet og snakka saman, no går dei på yoga og snakkar ikkje saman i det heile tatt. Men i tankane brølar dei.

Publisert 06.09.2018 kl. 19.00.

Slik skildrar Sogn og Fjordane teater bakgrunnen for Yogakrigen som snart har urpremiere.


Yogakrigen er ny, nynorsk dramatikk. Det er ei drøymande, assosierande framsyning innanfor rammene av ein streng disiplin. Kvinnene går på yoga for å sleppa unna kvardagen for ei stund. Men på matta er det kvardagen som står i djup strekk med musklar som dirrar under presset, skriv Sogn og Fjordane teater i ei pressemelding.


Yogakrigen kjem til Lavik skule 21. september, Årdal kulturhus 25. september, Sogndal kulturhus 26. september, Leikanger 27. september og Høyanger samfunnshus 28. september.


Debuterer som dramatikar

Ingrid Jørgensen Dragland debuterer som dramatikar med denne framsyninga. Dragland er skodespelar og fast tilsett på Det Norske Teatret, der ho for tida medverkar i framsyninga Peer Gynt. Arbeidet med framsyninga Yogakrigen starta ved Sogn og Fjordane Teater i 2016, i samarbeid med Dramatikkens hus.

I ei heil vekes lab-prosjekt fekk dramatikar, regissør og skodespelarar forska i manuset. Der fekk dei testa ut korleis det var å gjennomføra ei framsyning med fem skodespelarar som ikkje har noko ytre dialog, men formidlar indre tankar. Resultatet vert presentert på Teaterfestivalen i Fjaler 13. september.

Turneteateret Sogn og Fjordane Teater skal vera på vegen med denne framsyninga i perioden 13. september - 6. oktober. Her svingar framsyninga innom både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn fordelt på 17 framsyningar, og er innom både kulturhus, idrettshallar, bygdehus og skular. 

 


Siste saker Gå til framsida