HUMOR: - Eg trur humoren vil treffa publikum i alle aldrar, seier Harald Dahlstrøm. (Foto: Oddleiv Apneseth)

Startar jubileumsåret med frisk komedie

leikanger: Startskotet for 40-årsjubileet til Sogn og Fjordane Teater vert markert med komedien Evig Ung.

Publisert 03.02.2017 kl. 19.00.

«Dette er eit musikalsk fyrverkeri av ei framsyning, som skal spreia song, latter og livsglede i både Sogn og Fjordane, Nordhordland og Bergen», skriv teateret i ei pressemelding.


Inn i framtida

Handlinga i Evig Ung spelar seg ut ein gong i framtida. Sogn og Fjordane Teater er lagt ned og gjort om til ein gamleheim for avdanka skodespelarar, men desse nektar å lata alderdommen stå i vegen for livsgleda. Gamleheimen vert styrt med jarnhand av den infame pleiaren, og dei eldre må leva med både nedlatande behandling og overformynderi. Men så fort pleiaren snur ryggen til, vaknar dei aldrande skodespelarane til liv. Dei lèt songen, leiken og låtten bryta laus.


Frå øvste hylle

Regissør Hilde Sol Erdal, som tidlegare har jobba med suksessar som Kvinner på randa og Ylvis, regisserer no si første framsyning på Sogn og Fjordane Teater. Ho er svært nøgd med at ho kunne velja skodespelarar frå øvste hylla då ho sette saman ensemblet til Evig Ung.

- Me har fått med oss ein bukett av dyktige skodespelarar, som også er musikalske. Det er klart dette er avgjerande i eit stykke med so mange flotte songar, seier Erdal. På scena kan du mellom anna sjå bergensaren Elisabeth Moberg, kjend frå publikumsvinnaren Kvinner på randa, og Claus Sellevoll som nett er ferdig med det kritikarroste stykket Singel & Sand. Saman med desse finn du Idun Losnegård, Oda Alisøy, Sigurd Sele og Stig-Werner Moe.


Ekstra dimensjon

Evig Ung er eit særs underhaldande stykke med lattervekkjande, absurde situasjonar og kjende låtar, som mellom anna «Stayin' Alive» og «Smells Like Teen Spirit"».

- Når det er gamle menneske som syng desse hitane, får dei ein ekstra dimensjon og ny tydnad. Eg håpar me kan visa eit anna bilete av eldre med denne framsyninga, seier Elisabeth Moberg.


Kjenner seg att

Det er ikkje berre skodespelarane som får imponera med sine musikalske musklar. Med i ensemblet er også den erfarne musikaren Harald Dahlstrøm. Gjennom heile stykket trakterer han pianoet og akkompagnerer skodespelarane i kjende pop- og rockelåtar frå dei siste femti åra. Dahlstrøm håpar og trur at Evig Ung kan vere ei hyllest til den eldre generasjonen.

- Mange av situasjonane som oppstår er slike som folk lett kan kjenna seg att i, så humoren trur eg vil treffa publikum i alle aldrar, seier Dahlstrøm.

Evig Ung har premiere 10. februar i Førde og kjem til Høyanger 17. februar. På turnélista står: Årdal 7. mars, Aurland 8. mars, Sogndal 9. mars, Vik 10. mars og turneen vert avslutta i Balestrand 11. mars.


Les meir om: Kultur

Siste saker Gå til framsida