STJERNELAG: Nils Petter Melvær (t.h.) har med seg litt av eit stjernelag til Sogndal. (Pressefoto)

Spennande vår i Blaoboxen

Sjølvaste Nils Petter Molvær toppar plakaten i Blaoboxen vinteren og våren 2018.

Publisert 19.12.2017 kl. 12.53.

Konsertprogrammet i Blaoboxen til vinteren og våren no klart. I tillegg til Molvær i februar kjem køntri- og amerikanafavorittane Darling West og jazzkometen Natalie Sandtorv i mars og april!


- Litt av ei førjulsgåve til musikkinteresserte Indre Sogn, tykkjer primus blåboxmotor Håvard Ese Eliassen, som ikkje legg skjul på at dei er ekstremt godt nøgde med programmet for vinteren og våren!


- At ein artist av Nils Petter Molvær sitt kaliber legg ruta innom Sogndal og Blaoboxen, syner at denne konsertscena er i ferd med å plassera seg på eit nasjonalt nivå, og er vorte ein naturleg stoppestad for norske artistar i toppklassen, legg Ese Eliassen til.


Spennande blanding

Trompetist Molvær er ein av landets aller største jazzartistar. Sidan han slapp det legendariske albumet «Khmer» i 1998, har han blitt ein av dei mest innflytelsesrike artistane, og er kanskje mest kjent for måten han blandar jazz og elektronisk musikk. Han har i løpet at karrieren si bygd opp ein massiv tilhengjarskare som går langt utover det tradisjonelle jazzpublikummet.


Med seg på til Sogndal har han ingen ringare enn Geir Sundstøl (gitarar), Erland Dahlen, (trommer og skipsklokker) og Jo Berger Myhre på bass. Sundstøl var i Blaoboxen tidlegare i haust.


Her er programmet:


6. februar - Nils Petter Molvær


14. mars - Darling West


19. april - Natalie Sandtorv


Les òg: Håvard fekk juleglede for å ha gjeve glød til Blaoboxen


Les meir om: Kultur Musikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida