MEST VITJA: De Heiberske Samlinger Sogn Folkemuseum tronar klart på toppen av besøkstala for Musesa i Sogn og Fjordane. (Foto: Arkiv)

Sogn Folkemuseum på besøkstoppen

Musea i fylket vårt får stadig fleire nøgde kundar.

Publisert 19.09.2017 kl. 19.09. Oppdatert kl. 20.24.

Besøkstal for musea i Sogn og Fjordane per august 2017

(Endring samanlikna med same periode 2016 i parentes)


Kystmuseet i Sogn og Fjordane: 4.542 (+749)


Sogn og Fjordane Kunstmuseum: 5.413 (+533)


Astruptunet: 4.440 (+279)


Eikaasgalleriet: 1.505 (+15)


Anders Svor Museum: 527 (+131)


Sogn Kunstsenter: 300 (+90)


Norsk Kvernsteinsenter: 2.864 (+816)


DHS-Sogn Folkemuseum: 13.640 (÷255)


Norsk Reiselivsmuseum: 3.860 (÷693)


Nordfjord Folkemuseum: 3.730 (÷662)


Sunnfjord Museum: 6.161 (÷208)


Total sum: 46.982 (+795)

Det opplyser Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane i ei pressemelding. Musea hadde samla dei første åtte månadene i år 46.980 gjester. Auken frå toppåret 2016 er på to prosent so langt i år.


- Når me ser på gjestekommentarar i sosiale media viser trenden at me har aukande grad av nøgde besøkjande. Det er ikkje berre volum som er viktig for oss, men at me gjev opplevingar av god kvalitet slik at dei besøkjande kjem att eller fortel andre om sine opplevingar, seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane Kjartan Aa Berge.


Fin vekst

Kystmuseet har hatt ein auke på 20 prosent.


- Dei har eit godt samarbeid med turistinformasjonen i Florø, som er flinke til å anbefala turistane museet. I tillegg har dei i år satsa meir på aktivitetar for barnefamiliar på området, som dei besøkjande har sett stor pris på. Nytt av året er at museet tilbyr omvising i Bataldenbua i sommarsesongen, og ei utviding av tilbodet til skuleklasser i Vågsøy kommune, opplyser Aa Berge.


Ein fin auke i besøkstalet kan også Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde notera seg for, opp elleve prosent.


- Dette kjem både av fleire­ utstillingsopningar og av samarbeidet med Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Astruptunet held fram med vekst frå i fjor, so me ser framleis effekten av den internasjonale lanseringa i 2016. Sogn Kunstsenter har ein liten auke frå i fjor, men det er framleis for lite besøk i høve til potensialet for Hans Gjesme- utstillinga, seier Aa Berge. Solid vekst hadde også Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad. Her har besøkstala gått opp med 40 prosent.


Besøkstala på Eikaasgalleriet er om lag på same nivå som i fjor, medan Anders Svor Museum har ei god auke i besøkstala samanlikna med 2016.


Klart flest

Det museet i fylket som har flest besøkjande er De Heiberske Samlinger Sogn Folkemuseum. Hittil i år har 13.600 personar vore innom dørene. Det er ein liten nedgang sett i høve til same periode i fjor.


- Museet har eit godt samarbeid med Visit Sognefjord og andre reiselivsaktørar, og me ventar turistgrupper fram til midten av oktober. Norsk Reiselivsmuseum har, trass i ein nedgang i besøkstalet frå 2016, stadig fleire nøgde gjester når me ser på responsen i gjestebøker på nett. Tilbakemeldingane frå dei besøkjande er særs gledelege, særleg fordi det tek tid å arbeida inn eit nytt museumstilbod i marknaden, seier Aa Berge. Besøkstalet til Nordfjord Folkemuseum har hatt ein nedgang på tre prosentnedgang For Sunnfjord Museum, som er det nest best besøkte museet i fylket, har hatt ein nedgang på tre prosent.


Les òg: Publikum sviktar Sogn kunstsenter


Les òg: - Ein byggjer ikkje opp eit kunstsenter utan folk


Les meir om: Kultur Sogndal Museum

Siste saker Gå til framsida