KVARTETT: Karl Seglem Acoustic Quartet består av Karl sjølv på tenorsax, røyst og bukkehorn, Andreas Ulvo på tangentar, Sigurd Hole på kontrabass og Jonas H Sjøvåg på trommer. (Pressefoto: Oddleiv Apneseth)

Seglem klar for Blaoboxen

For andre gong står Karl Seglem på scena i Blaoboxen med sin akustiske kvartett.

Publisert 22.11.2017 kl. 13.42.

- Førre gong levert han det som vart ein fantastisk minneverdig konsert, fortel Håvard Ese Eliassen, bookingansvarleg i Blaoboxen.


Årdølen Karl Seglem, ein av landets fremste saksofonistar og bukkehornblåsarar - og ein institus­jon i norsk jazz- og musikkliv, kjem 22. november til Sogndal og Blaoboxen.


Fersk plate

Sist Karl Seglem Acoustic Quartet stod på scena i Blaoboxen hadde dei med seg trippeutgjevinga Jazzbukk Box. Også denne gong har Seglem med seg eit ferskt produkt.


- Albumet Nordic Balm frå tidlegare i år ber bod om nok ein minnerik konsert frå Karl Seglem Acoustic Quartet. I alle fall om me skal tru Aftenposten, som har gitt albumet svært gode kritikkar og omtala Seglem som ei av dei finaste stemmene i nordisk jazz, opplyser Eliassen.


Karl Seglem Acoustic Quartet er no klar for ein ny runde med konsertar.


Bukkehorn

- I det musikalske vegkrysset mellom lyrisk folkemusikkinspirert jazz, improviserte linjer, med ein trio av flygel, kontrabass og trommer i ryggen, leverer Karl Seglem kvalitetsvarer på internasjonalt nivå. Gled deg, er den klare oppmodinga frå arrangøren.


Karls Seglem Acoustic Quartet består, forutan Karl sjølv på tenorsax, røyst og bukkehorn, av Andreas Ulvo på tangentar, Sigurd Hole på kontrabass og Jonas H Sjøvåg på trommer.


Les meir om: Kultur Sogndal

Siste saker Gå til framsida