KLARE: Rotlaus kjem til Lærdal i juni. (Pressefoto)

Rotlaus kjem til Jordeplerock

Jordeplerock har presentert sin første artist til sommarens festival.

Publisert 16.01.2018 kl. 13.23.

- Me er supernøgde med å få Rotlaus til Jordeplerock. Det har vore enorm etterspørsel etter dei i to år, og difor er det ekstra kjekt å kunna innfri publikum sitt ynskje. Rotlaus har stort publikum i Sogn, og dei spelar god musikk, seier marknadssjef i Jordeplerock, Torgeir Skjerdal.


Sunnmørsbandet spelar norsk country.


Små drypp

Alle artistane til Jordeplerock er klare, men marknadssjefen vil ikkje avsløra alt på ein gong. Dei neste månadane vil ein og ein artist blir presentert.


- Me gjere det for at det skal bli meir spennande, seier Skjerdal.


I tillegg til Rotlaus kjem fem andre artistar til årets festival.


- Det blir seks artistar, både nasjonale og lokale. Som alltid legg med opp til eit variert program som skal treffa folk i alle aldrar og som likar ulike sjangrar, seier Skjerdal.


Enorm respons

Jordeplerock er i vinden og har alt opplevd enorm respons i forkant av årets festival.


- I år har me hatt betre respons enn nokon gong. Alt før me sleppte første artist har mange trykt delta på vårt offisielle Facebook-arrangement. Dette gledar stort og gjev stor motivasjon til å jobba vidare med festivalen, seier Skjerdal.


Jordeplerock går av stabelen i Lærdal 29. og 30 juni.


Les meir om: Kultur Festival Lærdal Musikk

Siste saker Gå til framsida