KUNSTNARVILLAER: Det at kunstnarar bygde seg hus og busette seg i Balestrand, førte til eit stort mangfald i bygningsstilar med hus i drakestil, sveitserstil, jugend, empire og klassisme. Desse har fått plass i forslaget til kulturminneplan for Balestrand. Biletet syner Villa Normann, som er det eldste av villahusa i Balestrand. (Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Rosar dei frivillig i kulturminnearbeidet

Denne veka er siste sjansen til å koma med innspel på kulturminneplanen i Balestrand.

Publisert 17.02.2017 kl. 13.41. Oppdatert kl. 13.44.

- Samarbeidet med dei lokale kulturminnearbeidarane har vore det kjekkaste i dette arbeidet, seier Kari Helene Rønnestad kommunalsjef for oppvekst og kultur i Balestrand.


Meir kompetanse

Fleire kommunar i fylket jobbar no med å utarbeida kulturminneplanar. Målet er å styrka kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturminne. Balestrand har hatt sin plan ute på høyring sidan før jul, og dette er siste veka ein kan koma med innspel på denne.

Kommunane har planmynde og skal ved hjelp av plan- og bygningslova forvalta og ta vara på mangfaldet av kulturminne, kulturmiljø og landskap. Samtidig er det mange lag, organisasjonar og enkeltpersonar som gjer ein stor innsats for å ta vare på lokale kulturminne, vert det peika på i ei pressemelding frå fylkeskommunen.
 
- Det er veldig kjekt å sjå korleis kommunane og dei frivillige får stadig meir kompetanse på kulturminnefeltet. Denne kompetansen gjer at dei lokale aktørane betre kan ta vare på, vidareutvikla og dra nytte av sine eigne kulturminne, seier Sigrun Espe, prosjektleiar for fylkeskommunen si satsing Lokale kulturminneplanar.

Når kommunane no har teke på seg å utarbeida kulturminneplanar har eitt av måla vore å samarbeida tett med engasjerte frivillige. I Balestrand kommune har til dømes leiaren i Balestrand Sogelag, plansjefen i kommunen, kommunalsjefen for oppvekst og kultur, tilsette frå fylkeskommunen og ikkje minst mange frivillige vore involvert i arbeidet med kulturminneplan.


Takast i bruk

Kulturminneplanen er eit forvaltingsverktøy for kommunane, men han kan også vera eit verktøy for lokalsamfunnsutvikling. Ein viktig del av kulturminneforvaltinga handlar om å byggja kunnskap, og leggja til rette for at kulturminne kan brukast og koma innbyggjarar til gode på ulike måtar. Tiltak og aktivitet har sin plass i planen sin handlingsdel, heiter det i pressemeldinga.

Høyanger, Hornindal, Sogndal og Eid er er ferdige med sine kulturminneplanar. Denne veka vart kulturminneplanen til Stryn kommune lagt ut på høyring.


Les meir om: Nyhende Kultur Balestrand