OPERA: Sogningane Jostein Avdem Fretland og Jonas Nyløy Navarsete er sentrale i den nye operaen "Sildagapet"

Rift om «Sildagapet»

Premieren på operaen «Sildagapet» i Operahuset Nordfjord, er på det næraste utseld.

Publisert 29.09.2017 kl. 09.32.

Dei sju andre framsyningane byrjar også å fyllast opp, skriv Opera Nordfjord i ei melding.

Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet, ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland (libretto) og Helge Sunde (musikk), handlar om det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet.

Tingingsverk

Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet, ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland (libretto) og Helge Sunde (musikk), handlar om det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet.


Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, ung kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. Solistlaget er samansett av songarar med lokal og regional tilknyting og ein gjestesolist frå Nord-Norge


Intro

Før kvar framsyning tilbyr Operahuset Nordfjord intro-presentasjon av operaen, samt høve til å kjøpa mat og forfriskingar i foajeen i Operahuset Nordfjord. Dei tilrår også å kombinera opera med god mat før eller etter framsyninga på ein av dei fine utestadane i Eid.


Lokal

Operahuset skriv i meldinga at det faktum at ein opera med lokal historie og særs mange aktørar frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre skaper stor interesse, er veldig flott.


- Det er tydeleg at i år er det veldig mange lokale nordfjordingar som legg turen til Eid og Opera Nordfjord, heiter det.


Les meir om: Nyhende Kultur

Siste saker Gå til framsida