KLARE: Arrangørane 3. Klasse media og kommunikasjon på Sogndal VGS. B.f.v Mariel Hov Molland, Ingvild Fridtun, Kamilla Bruheim Borlaug, Silje Holm Carlsen, Cecilie Eggum Lerum, Heidi Wergeland, Nora Buvik, Hanne Eide, Sebastian Haukås f.f.v: Ida Falkgjerdet Svåi, Brigt Grepstad Røysum, Youri van der Werve, Thea Wigum og Kristian Rustøen. (Campus Media)

Opnar snart for påmelding til filmfestival

Datoen er sett og snart opnar dei for påmelding.

Publisert 24.11.2017 kl. 19.00.

Medielinja på Sogndal vidaregåande skule arrangerer i 5. og 6. april 2018 Sogndal Filmfestival for 13. gong på rad.


Sogndal Filmfestival er ein kortfilmkonkurranse der unge filmskaparar frå heile Vestlandet vert inviterte til å senda inn filmane sine.


- Målet er å stimulera og motivera til filmskaping blant unge i alderen 15-28 år. Det vert konkurrert i ulike aldersgrupper og filmsjangrar, skriv arrangørane i ei pressemelding.


Galla og fag

Kåringa av vinnarane og vising av filmane skjer på torsdag 5. april i Sogndal kulturhus. Då vert det gallakveld med raud løpar, fleire underhaldningsinnslag og mange prisar.


Fredag 6. april inviterer dei til ein spennande filmfagdag med nasjonale føredragshaldarar innan film og media. Kven dette blir er framleis ikkje heilt klart.


1. desember opna påmeldinga og frist for innsending av filmar er 1. mars.


Arrangørane er som alltid 3. klasse media og kommunikasjon på Sogndal vgs. håper på mange bidrag til Sogndal Filmfestival 2018.


Les meir om: Kultur Festival Film Ung

Siste saker Gå til framsida