TRIO: Erlend Apneseth kjem til Blaoboxen med trioen der han har med seg Øyvind Hegg Lunde (t.h.) frå Borgund på trommer og Stephan Meidell på gitarar. (Foto: Oddleiv Apneseth)

Ny musikk i Blaoboxen

Erlend Apneseth Trio er først ut på haustprogrammet til Blaoboxen.

Publisert 01.09.2017 kl. 13.45.

Konsertprogrammet i Blaoboxen i kulturhuset i Sogndal denne hausten er no klart.


- Publikum kan venta seg tre konsertar frå øvste hyllemeter. Eg er veldig nøgd med programmet, særleg at me får folk som er på sleppturné, seier bookingansvarleg Håvard Ese Eliassen.

KVARTETT: Karls Seglem Acoustic Quartet består, forutan Karl Seglem på tenorsax, røyst og bukkehorn, av Andreas Ulvo på tangentar, Sigurd Hole på kontrabass og Jonas H Sjøvåg på trommer. (Pressefoto: Oddleiv Apneseth)

Hardingfele

Laurdag 23. september skal Erlend Apneseth Trio står på klubbscena i kulturhuset.


- Erlend Apneseth frå Jølster har dei siste åra teke steget til å bli ein av dei fremste musikarane i landet. Frå sin posisjon bak hardingfela, har han dei siste åra mellom anna blitt nominert til Spellemannspris og vunne Folkelarm-prisen, fortel Eliassen.

DUO: Duoen Strenger og skrot med Geir Sundstøl og Erland Dahlen vitjar Sogndal i oktober. (Foto: Morten Andersen)

Fersk plate

Til Blaoboxen kjem han med trioen der han har med seg Øyvind Hegg Lunde frå Borgund på trommer og Stephan Meidell på gitarar.


- Dei har med seg eit sylferskt album. 15. september slepper dei nemleg det nye albumet «Åra», som følgjer opp spellemannsnomierte «Det Andre Rommet» frå 2016.


I samband med albumsleppet skal Erlend Apneseth Trio turnera i heile Noreg, og konserten i Blaoboxen er ein del av turneruta.


Gitaristar

Tysdag 17. oktober ryddar dei plass i Blaoboxen for «Strenger og skrot» med Geir Sundstøl og Erland Dahlen.


- Geir Sundstøl er ein av landets fremste gitaristar, og han har til saman bidrege på over 250 norske og utanlandske utgjevingar. Trommis Erland Dahlen var lenge fast trommis for Madrugada, og han har i tillegg spelt med alt frå Odd Nordstoga og Bjørn Eidsvåg til Marit Larsen og Xploding Plastics, opplyser Eliassen.


I løpet av dei siste åra har begge gitt ut to plater på plateselskapet Hubro. Dahlen er no klar med albumet «Clocks», som kjem ut 1. september.


- Det vert med andre ord mykje blodfersk musikk å oppleva denne kvelden. Konserten vil innehalda låtar frå alle platene, samt improvisert musikk, fortel Eliassen.


Bukkehorn

Blaoboxhausten vert avslutta onsdag 22. november med Karl Seglem Acoustic Quartet.


- Dette er andre gongen Karl står på scena i Blaoboxen med sin akustiske kvartett. Førre gong levert han det som vart ein fantastisk minneverdig konsert. Den gong hadde han med seg den ferske trippeutgivelsen «Jazzbukk Box» -- ei utgjeving som fekk hovudstadspressa til å gå heilt av hengsla av begeistring og utropa den jordnære årdølen til ein musikalsk nasjonalskatt. Også denne gong har Karl med seg eit ferskt produkt i saxekassen - albumet «Nordic Balm» frå tidlegare i år ber bod om nok ein minnerik konsert frå Karl Seglem Acoustic Quartet, meiner Eliassen.


Karls Seglem Acoustic Quartet består, forutan Karl sjølv på tenorsax, røyst og bukkehorn, av Andreas Ulvo på tangentar, Sigurd Hole på kontrabass og Jonas H. Sjøvåg på trommer.


Les meir om: Kultur Musikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida