KUNST TIL FJELLS: Akvarellkunstnar Inger Kristin Gorseth og Råmund Mundhjeld, vert og eigar av Sognefjellshytta framfor eit av bileta som er utstilt på Sognefjellshytta. (Foto: Per Ritzler)

Ny attraksjon på Sognefjellet

Akvarellkunstnar Inger Kristin Gorseth stiller ut på Sognefjellshytta.

Publisert 31.08.2018 kl. 20.00.

- Dette betyr veldig mykje, eg følte bileta mine høyrde heime i omgjevnadene der. Dessutan har eg sjølv gått mykje i Jotunheimen og over Smørstabbrean, seier Gorseth i ei pressemelding frå Statens vegvesen.


Godt sal

Utstillinga er i det nye tilbygget av glas som bind saman dei to huskroppane som utgjer Sognefjellshytta.


Eit teikn på at bileta appellerer til publikum og heng i rett miljø, må vera at ti av bileta vart selde allereie første utstillingsdøgeret.


Råmund Mundhjel, eigar og vertskap på Sognefjellshytta er svært nøgd med utstillinga.


- Arkitekturen her er kunst i seg sjølv, på den måten fell det seg heilt naturleg med ei kunstutstilling her inne. Folk set pris på bileta og kosar seg, fortel Mundhjeld.


Kan verta fleire

Han utelukkar ikkje fleire kunstutstillingar i storstova på Sognefjellet.


- Me må slå eit slag for kunsten på fjellet, seier han.


Akvarellutstillinga heng til 9. september.


Les meir om: Kultur Luster

Siste saker Gå til framsida