GLER SEG TIL UKM: Dette er nokre av ungdommane som står bak arrangementet UKM 12. februar. Bak f.v. Kari Sætre, Kari Eggum Talleraas, Julie Xu, Sigurd Myklebust. Framme f.v.: Antonia Sandor, Dorte Stedje, Elin Kvåle Holme, Kristin kvåle, Anneli Øyre, Oddbjørn Litlabø, Rakel Hamre. (Foto: Sigrid Nese)

No kan du melda deg på UKM

Snart er det klart for UKM igjen. Påmeldinga er open.

Publisert 30.12.2016 kl. 16.00.

12. februar er det klart for eit nytt UKM (Ung Kultur Møtes) for Sogndal, Leikanger og Luster i Sogndal kulturhus. Påmeldinga er opna og arrangørane oppmodar ungdommar til å melda seg på.


- Me håpar så mange som mogleg melder seg på, seier Oddbjørn Litlabø og resten av ungdommane som står bak arrangementet.


Gjera alt

UKM er ikkje berre for dei som driv med musikk og dans. På UKM kan ein gjera alt.


- Der gjeld det å tenkja utanfor boksen. Ein kan strikka, bretta sokkar, syngja, spela, dansa, poppa popkorn, rett å slett gjera det ein vil, forklarer ungdomane.


Men ein må heller ikkje vera på scena for å delta.


- Ein kan meld seg på som fotograf, scenearbeidar eller konferansier også, seier Oddbjørn Litlabø.


Rundt på skular

Som ein del av marknadsføringa har ungdomane hengt opp plakatar rundt omkring. Dei skal også rundt på skulebesøk for å informera.


Det skal også vera ei Kick-off-samling i forkant for alle som deltek på UKM.


- Det er for at alle som er med skal bli kjende med kvarandre, seier Litlabø.


Bli med

1. februar er fristen for å melda seg på UKM.


- Ta sjansen å bli med. Dei som ikkje vil delta, kan koma å sjå på, seier ungdommane.