TIL MEIERIPARKEN: Målrock med nok ei førjulsgåve, denne gongen pakkar dei ut Sondre Lerche. (Pressefoto)

Målrock med ny førjulsgåve til folket

Med nissehusa på snei kan bookinggruppa i Målrock ynskja Sondre Lerche og Brut Boogaloo velkomen til Årdal i august.

Publisert 22.12.2016 kl. 07.00.

- Ei stor gleda

Det blir både indie-pop og heftig retro-rock når Sondre Lerche og Brut Boogalo vitjar Målrock for føste gong.


- Det er ei stor gleda å få presentera to heilt ulike artistar to dagar før jul, skriv Målrock i ei pressemelding.


Les også: Festivalar får pengestøtte


- Sjeldan vare

Festivalsjef Thomas Norheim Moen seier til Sogn Avis at det alltid er stas å kunne presentere artistar som ikkje har spelt på Målrock tidlegare.


 - Sondre Lerche er ei sjeldan vare som har eit unikt talent og leikar seg med inspirasjon frå alle kantar, noko som resultera i eit heilt særeige lydbilete. Han har etablert seg som ein av dei verkeleg store artistane frå Norge. At han no kjem til Målrock, er berre heilt fantastisk.


Energirockarar

Brut Boogaloo er eit band leiinga i Målrock lenge har hatt lyst til å visa fram for festivalfolket.


- Dei er kjende for særs fengjande og heftig syttitalsrock. Det er umogleg å ikkje rocke med når Brut Boogaloo står på scena. Me gler oss til heftig retro-rock i Meieriparken, seier Norheim Moen og legg til at bandet kjem ut med si tredje plate i 2017.


- Me er veldig nøgde med å gje nok ei julegåve til Målrockpublikummet. Med Sondre Lerche og Brut Boogaloo har me to artistar som har heilt ulike musikkuttrykk, og det vil garantert glede musikkentusiastar som vitjar festivalen vår. Det er berre til å forberede seg til ei særs spanande 2017-utgåve av Målrock, seier Norheim Moen.


Desse er klare for Målrock

Norheim Moen seier at publikum berre kan gle seg til den 15. utgåva av Målrock. Får før er det klart at Janove og Hjerteslag skal opptre i Meieriparken.


Les også: Kaizaren i nye klede


- Booking er godt i gang og programmet byrjar no å ta form. Me kjem til å halda fram med konsertar i Meieriparken frå torsdag som me har hatt dei siste åra og sjølvsagt med artistar Under Skåri. Me vil også vidareføra konseptet med naturbaserte opplevingar i samband med festivalen, så her er det berre til å gle seg.


Les meir om: Siste Nytt Kultur Årdal

Siste saker Gå til framsida