MEDISIN: Musikk som medisin mot mental nedtur - det er urgamal oppskrift, skriv Anders Anderssen. (Arkivfoto)

Beethoven på blå resept?

Publisert 19.01.2017 kl. 13.24.

Førjulstida er konsentrert konsertsesong. Den musikkfrelste kan hoppe tørrskodd frå «julekonsert» til «juletonar» advent til endes. Menyen har spennvidd frå julepynta pop til det mest gloriøse vår sivilisasjon har skapt - som «Messias» av Händel eller Bach sitt «Juleoratorium». Sentimental julenostalgi garanterer fulle hus i ein marknad som synest umetteleg - kanskje mest av di tussmørke desember også er høgsesong for tungsinn?


Musikk som medisin mot mental nedtur - det er urgamal oppskrift. Kva så med gråsoner mellom fysiske plager og sjukdom på sjel? - Sjølvsagt har vitskapen forska på slikt. Resultata er usikre, konklusjonane meir luftig spekulasjon enn klar fasit. Prøv å slå opp uttrykket «Mozart-effekten» på internett. Då kan du få dagevis med spennande lesing på skjerm. Meiningane er mange, med talrike lenker til Mozart og annan helsefremjande (?) musikk på YouTube.


For meg har «sanninga» om musikk og helse lite anna enn akademisk interesse. Mozart oppdaga eg som barn, og har vore takksam mottakar av Mozart-magi i eit par menneskealdrar. Svineheldig - ja visst! - Vidare har eg møtt tallause trusfellar i konsertsal, operahus og i litteraturen med Mozart som den fremste av sine kjelder til kveik. Men eg drikk livsens eliksir frå fleire brønnar. Beethoven sitt sprudlevatn er som sterk men lovleg dop utan dårleg biverknad.


For ein del år sidan deltok eg på ei internasjonal konferanse ved Bournemouth University i Sør-England. Avslutningsmiddagen var lagt til festsalen i eit gamalt slott, stilig seanse som varte i timevis. Så måtte eit småærend på toalettet. Straks eg opna døra dundra det mot meg musikk på høgt volum - frå Beethovens «niande» med den mektige «hymne til glede» i finalen. Vel undervegs i mitt ærende langs urinalveggen mumlar sidemannen: «I am a Mozart man myself». Dette var ikkje rett stad for å diskutere musikalsk estetikk, så eg nikka berre lett samtykkande. Eigentleg skulle eg til å sitere Ole Brumm: «Ja takk, begge delar.» Men i farten kom eg ikkje på det engelske namnet for Ole Brumm.


Tidleg i fjor haust kom så ein sjeldan sjanse. Oslo-Filharmonien framfører alle Beethovens ni symfoniar på tre helger - megalyft sjølv for eit nasjonalorkester. Må få med meg litt av den festmenyen! - Brått blir det hastverk - om eit par dagar er det festivalinnspurt med nr. 7, 8 og 9! - Nokre klikk på Internett, og eg har sikra meg ein av få ledige plassar. Fleire klikk - hotellrom ok. Neste morgon tek Valdresekspressen meg til Oslo Sentralstasjon på sju timar. Innsjekk hotell, rask mat. Strekar ned Karl Johan til Oslo Konserthus, finn plass på kor-tribune bak orkesteret, fire meter frå paukar og valthorn - få minutt før konsertmeister stemmer orkesteret og maestro Vasily Petrenko marsjerer in på podium medan 100 musikarar reiser seg.


Endeleg ny time hos dr. Beethoven! - Medisinen, med det mystiske namnet «allegro con brio» i innspurten - gjorde jobben. Eg har gått til slik mental dialyse hos dr. Beethoven i årevis, men mellomromma blir for lange. Kvar einaste - og nokre få meir enn andre - av dei ni symfoniane - er mektig sælebot, likevel sjeldne på spelelister. Slikt dop må nemleg takast rått og på direkten - som levande musikk. - Ja visst ligg det flotte innspelingar på Internett. I heimlege hyller har eg CD og DVD i fleng med det meste av Beethoven. Men hermetisk musikk blir aldri erstatning for levande framføring.


Beethovens 7. symfoni vart av Richard Wagner kalla «dansens apoteose» - eller «herleggjering». Få stader i musikklitteraturen finn ein slik uhemja eksplosjon av dionysisk villskap og glede som i finalen. Og like eksplosiv er spontan ståande applaus frå oss 1600 i salen. Samstundes innser eg at finalesatsen hadde gitt det resultatet som hadde lokka meg til Oslo: 8 minuttar konsentrert sjokkterapi.


Me feira Beethovens bursdag 16. desember 2016. Då vart han 246 år ung. Så har eg merka meg at Bergensfilharmoniens ungdomsorkester har Beethoven nr. 7 på speleplanen den 2. februar 2017 i Grieghallen. - Nei, eg har ikkje spurt fastlege om å få Beethoven «live» på blå resept. Ikkje endå.


Anders Anderssen


Les meir om: Kultur

Siste saker Gå til framsida