KORKVELD: Hafslo songlang er vert når det blir arrangert veldedigheitskonsert i Haflso kyrkje søndag 28. januar. (Arkivfoto)

Kor frå Sogn syng for ei god sak

Hafslo songlag er vert når Noregs korforbund i Sogn og Fjordane arrangerer veldedigheitskonsert i Hafslo kyrkje søndag 28 januar.

Publisert 26.01.2018 kl. 18.00.

Overskotet går uavkorta til barneavdelinga ved Førde sentralsjukehus.


Fjerde året

- Pengane blir brukt til aktivitetstiltak til barneavdelinga. Me har diskutert lenge om å gje noko til dei større organisasjonane som har brukt for desse pengane, seier Marianne Hoff, leiar i Noregs korforbund i Sogn og Fjordane.


Ho legg til at dette er fjerde året på rad dei arrangerer veldedigheitskonsertar.


- Frå tidlegare konsertar har me gjeve overskotet til flyktninghjelpa, Raude Kors og Kreftforeininga. Me har lyst å halda fram denne tradisjonen med å gje til organisasjonar i eige fylke, seier ho.


Stolt

I fjor fekk dei inn over 35.000 kroner som vart gjeve til Raude Kors.


- Det er me litt stolte av. Kora stiller velvillig opp for å bidra til inntekt for viktige organisasjonar. Alt av overskot går uavkorta til ei god sak, slår Hoff fast.


Dette er altså det fjerde året Noregs korforbund i Sogn og Fjordane arrangerer slike veldedigheitskonsertar. Hoff seier at dei arrangerer to veldedigheitskonsertar denne helga og to neste helg rundt om kring i fylke.


- Me varierar kvar me har konsertar. Denne gongen har mellom anna Hafslo songlag teke på seg å vera vert. Dei lagar også til ein kafé, slik at dei sjølv kan få litt inntekter som dei kan bruka turar eller slike ting.


Mange kor

I Hafslo kyrkje kan publikum venta seg ein kveld med mange spennande innslag, lovar Hoff.


- Me har mange kor frå Sogn som skal opptre. Kaupanger bygdakor, Dalatrioen, Lærdal songlag, Leikanger mannskor og Hafslo songlag skal alle framføra. Til slutt skal alle kora samla seg til eit stort felleskor, noko som blir ein flott avslutning på kvelden.


Hoff legg ikkje skjul på at ho håpar at så mange som mogleg tek turen til Hafslo kyrkje denne søndagskvelden.


- Det har vore veldig opp og ned med besøka våre på desse konsertane, nokon har vore veldig bra besøk og andre litt mindre. Poenget er at me må nå ut til folk med dette og so er me avhengige av frivillige som fortel om konsertane. Eg er sikker på at me får fine konsertar i år også.


Les meir om: Kultur Helse Luster Musikk

Siste saker Gå til framsida