KORSONG I KYRKJA: Systrond damekor med dirigent Lena Skjerdal (fremst i midten) får selskap av fleire lokale kor i ein konsert i Leikanger kyrkje søndag.

Inviterer til korklang i kyrkja

Vartar opp med variert repertoar.

Publisert 16.11.2017 kl. 20.44.

Under korkonserten på Kaupanger i vår vart Systrond damekor utfordra av koret på Hafslo: Invitér kora til konsert på Leikanger.


Dei tok utfordringa, og dermed er det duka for eit nytt konsept i Leikanger kyrkje søndag ettermiddag.


- Det blir Elvis, Odd Nordstoga, litt julemusikk. Det blir ordlaus vokalmusikk til sørafrikansk voggesong til salmar, seier Lena Skjerdal om noko av det som står på det varierte repertoaret til konserten.


Skjerdal er dirigent for Systronds damekor, som har brukt mykje av hausten til å øva til denne framsyninga. Kora har eigne nummer, men det blir også fellesnummer. Publikum blir også servert tonefylgje og litt a cappella. 


Utanom Systrond er også Kaupanger bygdakor og Hafslo songlag og med. Det er dei tre same kora som deltok på vårkonserten på Kaupanger.


- Me har også med oss Leikanger mannskor, seier Skjerdal.


Det blir dermed både blanda røyster, og song frå høvesvis damer og herrar under konserten. 


Konserten er open for alle, og det er heller lagt opp til at publikum får donera ei gåve ved utgangen.


Siste saker Gå til framsida