FLYTTA HEIM: - Etter ti år i Oslo blei eg litt lei av denne såkalla storbyen, og flytta heim til vesle Farsund på sørvestlandskysten, fortel pianist og komponist Lars Jakob Rudjord, som fredag held konsert i Sogndal. (Pressefoto: Simen Løvgren)

Inviterer publikum til å senka skuldrene

Mekking på gamle, einsylindra motorar, lange flyturar og mystiske spøkjelsesskip. Det er mykje som inspirerer pianist Lars Jakob Rudjord.

Publisert 16.02.2017 kl. 00.01. Oppdatert kl. 13.43.

Vårprogrammet i Blaoboxen

Fredag 17.02.:

Konsert: Lars Jakob Rudjord

Torsdag 02.03.:

Litteraturkveld: Frankensteinom- setjar Øystein Videnes i samtale med Katrine Sele

Torsdag 16.03.:

Litteraturkveld: Parlamenturismen - Hallgrim Berg i samtale med Georg Arnestad

Laurdag 01.04.:

Konsert: Magnus Pym (debutkon- serten til det nye bandet til Torkjel Solbraa, kjent fra? TYYL!)

Torsdag 27.04.:

Litteraturkveld: Gunnar Staalesen- Varg Veum

Fredag blir det konsert med pianist og komponist Lars Jakob Rudjord i Blaoboxen i Sogndal kulturhus.


Melodiøst

- Dei som tek turen til Blaoboxen denne kvelden får bli med inn i verda mi. Musikken min er veldig melodiøs, og inviterer til å pusta ut og senka skuldrene, fortel Rudjord.


Pianisten, som til dagleg held til i eit fyrtårn i Farsund, sleppte nyleg albumet Indiepiano. Konserten i Sogndal kjem på tampen av releaseturneen for den nye plata. Rudjord fortel han ikkje var i tvil om at han skulle seia ja då Håvard Ese Eliassen ringde og spurde om han ville koma til Sogndal.


- Sist eg spelte i Sogndal var det med Ingvild Koksvik for nokre år sidan. Me hadde ein veldig fin kveld med konsert i eit gamalt butikklokale.


Saman med Seglem

Rudjord har ved fleire høve hatt tett musikalsk samarbeid med Karl Seglem.


- Eg har spelt med Karl sidan 2010 og vore med på mykje gøy både i Norge, Europa og Midtausten. Eg har alltid syntest at musikken til Karl har noko «ur»-aktig over seg, og å spela med ham har betydd mykje og vore ei viktig inspirasjonskjelde for meg. Eg har spelt mest med WorldJazz-bandet hans, men også vore med på større prosjekt som tingingsverket til Vossajazz, som me også har vore på turné på Vestlandet med. Me spelar også mange duokonsertar der me improviserer musikken, og Karl les sine egne dikt. Sjølv om musikken min kanskje ikkje er så lik til Karl sin, så trur eg nok at nokre av melodiane mine kan ha henta litt inspirasjon frå samarbeidet vårt, seier Rudjord.


God mottaking

Albumet Indiepiano har hausta svært gode kritikkar - både frå sjangerblad som Jazznytt, men også frå NRK P1 som gav albumet ni av ti poeng.


- Det har vore overveldande, med så mange gode ord frå både meldarar og publikum. Ein legg jo sjela si i å laga så bra musikk som mogleg, og eg har jobba hardt og lenge med dette albumet. Og når folk melder at musikken verkeleg betyr noko for dei, er det ein veldig god følelse. I tillegg ser det ut til at denne plata når eit mykje breiare publikum enn mi forrige, og det synest eg er veldig fint.


Albumet er spelt inn i New York og produsert av den prislønte produsenten Joel Hamilton.


- Det var frigjerande for meg å reisa til New York for å spela inn plata. Eg hadde eit behov for nye impulsar og å koma meg ut frå Noreg litt, og samtidig var eg veldig interessert i å finna ut av kva denne byen gjorde med musikken min. Kvar morgon rusla me frå leilegheita i Greenpoint til studioet i Dobbin Street, og Brooklyn har ein helt egen vibe som eg synest at ein kan merka på plata òg. Eg er veldig nøgd med at plata læt såpass nordisk, eller skandinavisk, men samtidig har eit litt urbant og «brooklynized» preg, fortel Rudjord, som til dagleg er inspirert av eit heilt anna landskap.


- Etter ti år i Oslo blei eg litt lei av denne såkalla storbyen, og flytta heim til vesle Farsund på sørvestlandskysten. Her er det fjell og fjord, og mykje himmel og horisont - og om det ikkje pregar musikken direkte, så trur eg at det gjer noko med korleis ein tenkjer, og det gjer noko med korleis ein lagar musikk. Det er mykje ro og ettertanke i musikken min, og samtidig er han tidlaus. Kanskje havet og det vidstrakte landskapet her nede har medverka til det?


Les meir om: Kultur Musikk Sogndal